Hopp til innhold

Ordførar har samla inn 200.000 til TV-aksjonen

– Han er i klasse for seg sjølv. Reiser rundt som ein propell og får fram det beste frå næringslivet i Flora. Vi skulle hatt fleire som Ola Teigen.

Ola Teigen i Florø sentrum

LETT: Ola Teigen ber ordførarkollegaene brette opp ermane og gå på for årets TV-Aksjon. – Det er lett å samle inn pengar og næringslivet er med, spesielt når det handlar om å hjelpe fattige kvinner til å starte si eiga bedrift, og å løfte seg og familiane ut av fattigdom_

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Det seier fylkesleiar for TV-aksjonen i Sogn og Fjordane, Oddrun Midtbø, om innsatsen Flora-ordføraren har lagt ned.

Allereie før helgas direktesende TV-aksjon, har Ola Teigen samla inn over 200.000 kroner.

Oddrun Midtbø skal leie TV-aksjonen i Sogn og Fjordane

I TOPPEN: Sogn og Fjordane har ei årrekkje vore blant fylka som har løyvd mest til TV-aksjonen. – Eg håpar fleire ordførarar prøver å kopiere Ola Teigen, seier fylkesleiar Oddrun Midtbø.

Foto: TV-aksjonen

– Eg håpar fleire ordførarar prøver å kopiere han, seier Midtbø.

– Går fort unna

– Ja, om dei vil konkurrere med Flora, så må dei kome seg ut av senga og oppsøke næringslivet sitt. Her går det fort unna, responderer Flora-ordføraren.

Berre frå laks- og ørretnæringa har ordføraren fått inn 120.000 kroner.

Inn mellom ordføraroppgåvene byrjar han no arbeidet med dei andre næringane.

– Eg har stort sett tatt ein telefon eller møtt opp hos dei ulike verksemdene. Det har så langt ikkje vore nei i deira munn, seier han.

Føremål som fengjer

Ola Teigen

PUBLISERER: Ola Teigen publiserer på Facebook for kvart ja han får frå næringslivet. – Det er god reklame, men også noko næringslivet ser. Dei kan jo ikkje vere dårlegare, når naboen gir, seier han.

Foto: Privat

I år går støtta til Care sitt arbeid for å gi kvinner i nokre av verdas mest sårbare område eit betre liv. TV-aksjonen skal gi kvinner moglegheit til å tene sine eigne pengar, bestemme over eigen kropp og å få si røyst høyrd.

Teigen trur det er eit godt føremål som fengjer næringslivet. I tillegg er det få næringslivsaktørar som ynskjer å vere «dårlegare enn naboen».

– Planen er at kvinner skal få moglegheit til å starte si eiga verksemd. Bodskapen går lett heim hos næringslivet i Flora, men det er eit godt innsal i resten av fylket også, seier han.

Vil bli best

Til no har årets innsamlingsaksjon fått inn over 15 millionar kroner. Med eit snitt på vel sju kroner per innbyggjar, tronar Sogn og Fjordane øvst av fylka. Det er nær dobbelt så mykje som i Hedmark.

Førstkomande søndag bankar kring 100.000 bøssebærarar på dørene til kvar enkelt av dei 2,3 millionar husstandane i Noreg.

Sidan 1974 har nordmenn gjeve ni milliardar kroner til gode føremål. Aksjonen i fjor gav rekordhøge 257 millionar kroner til Bymisjonen.

Sogn og Fjordane har dei siste åra kniva om å vere blant dei mest rause fylka. Det vil også Midtbø i fylket sitt siste år, før samanslåinga med Hordaland til Vestland fylke.

– I fjor låg vi ganske lågt på nasjonalt nivå på næringslivet. Ikkje fordi at næringslivet ikkje vil, men det er viktig å bli spurde for å kunne bidra, seier Midtbø.