Rolf Terje Klungland Arkivfoto Arash A. Nejad, Scanpix
Laurdag gjekk Fylkesmannen ut og kritiserte styresmaktene for at dei ikkje lyttar til lokale innspel i vernesaker. - Høyringar blir spel for galleriet, og resultatet er likesæle og ei svekkjing av demokratiet, sa fylkesmann Oddvar Flæte. Han viste til saker som nasjonale laksefjordar og vern av Nausta.
- Ta Flæte på alvor!
- Dette signalet bør miljøvernminister Knut Arild Hareide ta på alvor, seier Rolf Terje Klungland, som er miljøpolitisk talsmann i Ap. - Når reaksjonen er så sterk frå Statens eigen representant i Sogn og Fjordane, er det grunn til å tru at det er endå sterkare meiningar blant lokalpolitikarane, seier Klungland.
Sjeldan at fylkesmenn er så kritiske
Det er svært sjeldan ein fylkesmann i så sterk grad kritiserer sine overordna, og Klungland meiner det er grunn til å merke seg utspelet. Også Øyvind Korsberg, som er miljøpolitisk talsmann i Frp, har ei klar oppmoding til miljøvernminister Knut Arild Hareide om å lytte meir til sin representant i Sogn og Fjordane.
Korkje Miljøverndepartementet eller Direktoratet for naturforvaltning ville kommentere saka i helga.