Hopp til innhold

- Opprykket vil verta dyrt

- Sogndal må ha råd til å rykkja ned att, meiner Stabækguru.

 Ingebrigt Steen Jensen

Stabæk-guru Ingebrigt Steen Jensen

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

- Å rykkja opp kjem til å kreva høgare kostnader. Isolert sett er det kanskje ikkje lønnsamt å rykkja opp fordi ein veldig fort vert riven inn i ein kostnadsspinal, seier Steen Jensen.

- Fort gjort å kjøpa over evne

Sogndalopprykk

Sogndal svidde av nokre kroner i fyrverkeri etter opprykkskampen. I eliteserien må Sogndal driva edrueleg, meiner Stabæk-guru.

Foto: Tor Yttri

Stabæk-guruen sin eigen klubb har hatt store økonomiske problem, og går mot eit underskot på 27 millionar i år. For sjølv om inntektene vert større, vil kostnadane auka minst like mykje, meiner Steen Jensen.

- Ein får meir mediapengar frå Norges fotballforbund. No får ein i Sogndal kanskje minst seks millionar kroner, medan ein denne sesongen fekk ein eller to. Billettinntekter og sponsorinntekter vil også auka noko. Så klarar ein å halda kostnadane på noko lunde same nivå, vil jo økonomien verta betre.

Les også: - Sogndal må passe seg

Les også: Jostein: – Sjølvsagt var det ein Flo som scora først

Les også: - Sogndal får det tøft

Men det skal noko til meiner Jensen.

- Ein tenkjer fort at no må me henta inn tre-fire mann frå austlandet og nokre gamle landslagsspelarar. Og då vert fort det økonomiske resultatet i alle fall ikkje betre.

- Lågare spelarlønningar no

Noko av problemet til Steen-Jensen sitt eige Stabæk har ligge i høge spelarlønningar, og dei er botne til kontraktar som gjer at ein ikkje kan endra lønningskurs over natta. Likevel meiner Jensen at lønningane i eliteserien vert betrakteleg lågare neste sesong i mange klubbar grunna dei store økonomiske problema i norsk toppfotball.

- Skilnaden på kva ein toppklubb og Sogndal kan nytta på spelarlønningar er mykje mindre no enn den var for tre år sidan. Dermed ligg det mykje betre an til at Sogndal kan få ein slagkraftig økonomi no i høve til tidlegare. Så eg vil tipsa Sogndal om å driva økonomisk forsvarleg slik at ein toler å rykkja ned utan at verda bryt saman.

- Me skal ikkje snakka om topp 10

Egil B. Mundal på Fosshaugane

Dagleg leiar i Sogndal fotball, Egil B. Mundal

Foto: Arve Uglum / NRK

Og dagleg leiar i Sogndal fotball har allereie tenkt akkurat slik. Han skal budsjettera med ni millionar kroner i spelelønningar, akkurat som i år.

Les også: Send oss dine bilete frå festen

Les også: Folkefest i Sogndal

Les også: Sanselaus opprykksjubel i Sogndal

- Me kjem nok til å gjera nokre forsterkingar, og me har jo ambisjonar om å halda oss i eliteserien når me fyrst har rykkja opp. Likevel vil alle rekna med at me får det tøft, og me budsjetterer med sisteplass, vil eg tru. Det harmonerar ikkje med klubben sine verdiar å snakka om topp 10. Det er ein kjempebonus viss det skjer. Men me må ikkje byrja med ein pengebruk som ikkje er berekraftiig