Forskarane har sett på tal frå Mattilsynet, som slår fast at antibiotikabruken i oppdrettsnæringa er svært liten.
- Det vert brukt ein god del meir til husdyr, både landbruk og kjæledyr, og enda meir til menneske. Å snakke om at det er mye antibiotika i fiskeoppdrett, er regelrett feil. Det seier, Øyvind Bergh, forskingsleiar ved avdeling for Fiskehelse og sjukdomar ved Havforskingsinstituttet.
Full kontroll
Han seier norsk oppdrettsfisk er svært sunn, og har vore det lenge. Høgt antibiotikaforbruk har ikkje vore noko problem i norsk oppdrettnæring sidan slutten av 80-talet, seier Bergh. Han peikar på at oppdrettsfisk er svært trygt å ete fordi ein har full kontroll med kva fisken faktisk et.
Høgare i landbruket
Bergh vil myten om oppdrettslaksen full av antibiotika til livs, og peikar på at bruken av antibiotika er mykje større i landbruket. Det brukast ganske mykje meir antibiotika både i forhold til tal dyr og den totale kjøtvekta av dyr i landbruket. Men han understrekar at forholdet i norsk landbruk relativt sett er bra, i forhold til landbruket i utlandet.
- Velkommen etter
Elin Tveit Sveen
Velkommen etter seier nestleiar i Vest Norsk Havbrukslag, Elin Tveit Sveen. - Det er kjekt å høyre forskarane seie det som vi har visst ganske lenge. Det er ikkje noko nyheit for oss som er i næringa. Ho seier det største paradokset er at nordmenn sjølve puttar i seg mykje meir antibiotika enn både oppdrettsnæringa og landbruket.