Einar Rysjedal Arkivfoto NRK
Han synest ikkje synd på laksebransjen som blir ilagt vernetiltak i EU. Rysjedal meiner oppdrettarane som ropar høgt om eit EU-medlemskap er sytete. - Når vi ser på husa, bilane og lystbåtane deira, får vi ikkje akkurat inntrykk av at dei er naudlidande. Tvert imot så tener dei gode pengar, seier Rysjedal.
Vernetiltak frå EU
Sist veke tok ei samla havbruksnæring til orde for at Noreg må inn i EU. Bakgrunnen var kaotiske tilstandar i laksenæringa på grunn av vernetiltak frå EU mot norsk laks. Alt opptak av fisk stoppa, og det same gjorde eksporten til EU. Dette aktualiserte kravet om medlemskap frå mange hald i næringa.
- Høgrøysta oppdrettarar får ikkje avgjere
Men Rysjedal i Nei til EU i Sogn og Fjordane har ikkje sansen for dette.
- Det må vere heilt feil at ei einskild næring skal bestemme det norske tilhøvet til EU. Det må vere summen av norske interesser som blir avgjerande, og ikkje høgrøysta oppdrettarar, seier han.
- Doblar fortenesta
Minsteprisavtalen med EU fører til at laksenæringa truleg vil doble fortenesta på salet til EU, frå 700 millionar kroner i fjor til 1,5 milliardar i år. Det seier ein av landets fremste lakseanalytikar. Ein høg minstepris er bra for næringa når det gjeld for alle land utanfor EU.
- Greidd seg godt utanfor EU
Rysjedal forstår ikkje kvifor dei ropar så høgt. - Oppdrettsnæringa har auka omsetnaden sin fleire gonger sidan vi sa nei til EU-medlemskap i 1994. Næringa har med andre ord greidd seg godt utanfor EU, og det er knapt ei næring som har hatt ei slik utvikling, seier leiaren i Nei til EU i Sogn og Fjordane.