Hopp til innhold

- Øberg bør gå frå styrevervet

Stortingsrepresentant for Framstegspartiet Åge Starheim ber styreleiar i Helse Førde Clara Øberg om å vurdere å gå av.

Åge Starheim

Åge Starheim meiner at Clara Øberg brukar hersketeknikk.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Han reagerer på at Øberg gjekk ut mot tidlegare statsråd Heidi Grande Røys og . kritiserte henne for å vere bitter

- Å angripe personar på den måten, er å gå langt over streken. Anten må ho akseptere at dei folkevalde meiner noko om Helse Førde, eller så må ho gå som styreleiar, seier Starheim.

Meiner ho brukar utidig hersketeknikk

Starheim skriv i eit lesarinnlegget at Clara Øberg brukar ein utidig hersketeknikk for å skjule sin manglande evne til å styre Helse Førde.

Han reagerer kraftig på Øberg sine uttalelsar dei siste dagane om stortingsbenken og spesielt tidlegare statsråd Heidi Grande Røys. Han meiner politikarane har rett til å gripe inn når styret i Helse Førde bevist undergrev eigar sin vilje.

- Det må vere måte på kva som er mogeleg å prestere av ein som er styreleiar i Helse Førde.

Kom med hard kritikk

Heidi Grande Røys

Heidi Grande Røys kritiserte Helse Førde-styret.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Grande Røys har kome med knallhard kritikk mot Helse Førde-styret. Ho meiner at styret ved fleire høve har vore i utakt med nasjonale føringar. Dette er årsaka til at både ho sjølv og andre stortings- og regjeringsmedlemmer fleire gonger har sett seg tvinga til å ta grep for å få styret inn på rett kurs, hevda ho mellom anna.

Dette har ikkje Øberg sett på med blide auge. Ho meiner at Grande Røys er bitter og så vil ho skade styret.

- Dette må ho tole

Starheim meiner Øberg må tole kritikken.

- Ho må tåle at andre går ut med det dei meiner er rett og gale.

Han ber også styreleiar i Helse Vest, Oddvar Nilsen. om å vurdere utspela frå Øberg.

- Samansett av løgner

Clara Øberg

Clara Øberg er styreleiar i Helse Førde.

Foto: NRK

Men Øberg meiner ho slett ikkje har kritisert verken stortingsbenken eller stijande statsrådar. Ho understrekar at ho berre svarte på det konkrete utspelet frå Heidi Grande Røys.

- Om Starheim hevdar noko anna er det løgn. Eg kommenterte altså berre utspela til Grande Røys.

- Starheim seier at viss du ikkje toler slike innspel frå andre, så må du trekkje deg. Kva meiner du om det?

- Dersom eg skal trekkje meg, så gjer eg iallefall ikkje det på grunn av eit slikt utspel frå Starheim. Han har ein agenda som går igjen og igjen. Dette er det grovaste han har sendt ut på ei stund. Den virkar som den er samansett av løgner og påstandar som ikkje har rot i verklegheita.