Hopp til innhold

- Nytt håp for skipstunnelen

Arbeiderpartipolitikar i Møre og Romsdal, Svein Gjelseth, ser håp i ein merknad frå Stortinget sin transport- og kommunikasjonskomitè.

Svein Gjelseth
Foto: Trond Vestre / NRK

Arbeiderpartipolitikar i Møre og Romsdal, Svein Gjelseth, ser håp i ein merknad frå Stortinget sin transport- og kommunikasjonskomite.

Merknaden er skrive i samband med behandlinga av Nasjonal Transportplan.

Regjeringa har føreslått ei startløyving på 200 millioner kroner som får støtte i Stortinget.

- Dette er ein tilnærma samla komitè, som viser til omtalen skipstunnelen har fått i transportplanen og startløyvinga på 200 millionar. Og så seier fleirtalet her klart ifrå at dei ser at Stad skipstunnel vil legge til rette for betre samla transportløysing og føre til tryggare sjøtransport langs eit kritisk punkt langs kysten vår, seier Gjelseth.

Ein milliard

Gjelseth har jobba mykje med Stad skipstunnel, både i dei to åra han sat som møtande vararepresentant i Stortingets transport- og kommunikasjonskomite og som rådgjevar for Vanylven kommune.

Skipstunnelen som er planlagd gjennom Stadlandet, og som skal bringe skip og båtar trygt forbi det farlige Stadhavet, har ein kostnad på nærare ein milliard kroner.

Ventar på rapport

Ein såkalla KS1-rapport som skal kvalitetssikre prosjektet, skulle vore lagt fram i vinter. Forkjemparane håpa på eit vedtak i Stortinget før sommarferien.

Men slik vart det ikkje. Rapporten vart utsett og kjem ikkje før etter valet. Gjelseth forventar at rapporten bli lagt fram før nyttår.

- Den må komme før nyttår, og eg forventar at den styrkar den samfunnsøkonomiske nytta prosjektet har, seier Gjelseth