NRK Meny
Normal

- Nynorsk er ubrukeleg

Journalist Anne Viken hevdar at nynorsken tek for mykje tid og hovudbry.

Nynorsk

Journalist Anne Viken frå Bygstad hevdar nynorsken er ubrukeleg i kvardagen.

Foto: Scanpix / SCANPIX

- Det er på tide å vakne opp frå måltåka, skriv journalist Anne Viken frå Bygstad polemisk i eit lesarinnlegg i Aftenposten i dag.

Farvel til nynorsken

Bakgrunnen for Viken si breiside mot den dominerande målforma i Sogn og Fjordane er forfattar og journalist Brynjulf Jung Tjønn sin kronikk "Farvel til nynorsken", som stod på trykk i same avis førre onsdag. I kronikken tok Jung Tjønn frå Feios eit offentleg avskil med språket han voks opp med, fordi han opplever det for vanskeleg å skrive nynorsk.

Tek for mykje tid

- Den same erfaringa har eg. Eg har lenge prøvd å skrive nynorsk som journalist, men har lagt det vekk. Nynorsken tek for mykje tid og hovudbry, meiner Viken.

Journalisten skapte i fjor høglytt debatt då ho i tidsskriftet Syn og Segn hevda at nynorsk er for krøkkete til å vere ein god reiskap i kvardagen.

- Ta oss på alvor

Då som no meiner Viken at nynorskforkjemparane befinn seg på ein planet langt frå røyndomen og hevdar at desse har reagert usakeleg på Jung Tjønn sine personlege erfaringar med nynorsken. Viken viser til Olav H. Aarestad sitt innlegg i etterkant av kronikken: "Ein som skal opp og fram i Oslo, går ikkje over til byens rotfaste språk. I hovudstaden kuttar ein røter".

- Eg gledar meg til den dagen då me nynorskbrukarar som byter til bokmål, blir tekne på alvor, ikkje berre avfeidd med billeg retorikk a la: "Ja, de vil opp og fram, de unge, så då dumpar de språket og kuttar røter". Vi treng eit språk me kan bruke, ikkje tullprat om identitet, avsluttar Anne Viken.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå