Hopp til innhold

- Nordfjordingar vil velje Sunnmøre

Helse Sunnmøre trur Kvivsvegen vil føre til at mange nordfjordingar vel sjukehus på Sunnmøre.

Grodås med fjellet Kviven i bakgrunnen

Kvivsvegen skal gå frå Grodås i Hornindal gjennom fjellet Kviven i bakgrunnen over til Sunnmøre.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Helseføretaket nord for fylkesgrensa ønskjer eit møte med leiinga i Helse Førde, mellom anna for å diskutere kva følgjer Kvivsvegen vil få for kva sjukehus innbyggarane i indre Nordfjord vil velje i framtida.

- Volda framfor Førde og Eid

Assisterande direktør Helge Ristesund i Helse Sunnmøre trur fleire nordfjordingar vil velje sjukehusa i Volda og Ålesund etter at Kvivsvegen er på plass i 2012.

- Vi ser at innbyggjarane i Hornindal kommune og delar av Stryn vil få betydeleg kortare veg til Volda enn til Førde og kanskje vil velje Volda framfor Nordfjordeid. Dette må vi ta med i strategiarbeidet vårt framover.

- Også til Ålesund

Ristesund trur Kvivsvegen og vil føre til at fleire nordfjordingar vil søkje seg til sjukehuset i Ålesund.

- Ålesund sjukehus har ein del funksjonar som eg trur at folk i Nordfjord vil gjere seg nytte av, til dømes avansert ortopedi, stråleterapi og tilbod til barn.

- Trur straumen kan gå motsett veg

Men adm. dir. Jon Bolstad i Helse Førde er ikkje redd for at Kvivsvegen skal føre til pasientflukt frå Nordfjord til sjukehusa på Sunnmøre.

- Det kan godt hende at Helse Sunnmøre kan miste pasientar til oss, for vi er ganske gode på enkelte område. På den andre sida er det å tenke at ein skal miste pasientar feil fokus, for det som er viktig er at folk opplever at dei kan gå dit dei får god hjelp.