Hopp til innhold

Trur fleire nordfjordingar kjem til å døy om ortopedien vert lagd ned

– Fleire nordfjordingar kjem til å døy som følgje av at ortopediavdelinga ved Nordfjord sjukehus blir lagd ned, sa overlege Henrik Berg i rettssalen i Bergen tysdag.

Henrik Berg

LIV VIL GÅ TAPT: Overlege Henrik Berg vitna i rettsforhandling om Nordfjord sjukehus.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Berg vitna i rettsforhandlingane i Bergen tingrett, der Sjukehusaksjonen i Nordfjord krev at retten omgjer vedtaket i Helse Førde om å leggje ned ortopediavdelinga ved Nordfjord sjukehus.

Svara på direkte spørsmål

Det var på eit direkte spørsmål Henrik Berg sa at når kirurgien blir fjerna frå Nordfjord sjukehus 16. desember så kjem det til å føre til at fleire pasientar frå Nordfjord kjem til å døy.

(Artikkelen held fram under biletet)

Svein Hansen og adv. Gerd Aadland Fagerli

Svein Hansen i Sjukehusaksjonen i Nordfjord saman med advokat Gerd Aadland Fagerli.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Elles har det vore meiningsutvekslingar i retten om helikopterberedskap, vér og avstandar og mykje meir, men det kanskje største og mest interessante spørsmålet i saka har ikkje vore nemnt tysdag, fortel reporter Eldgrim Fossheim frå rettssalen:

Adv. Knut Leknes og Jon Bolstad

Jon Bolstad i Helse Førde (t.h.) saman med advokat Knut Leknes.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Det store spørsmålet:

– Det er om retten i det heile skal gå inn og meine noko i saka. Akkurat der er det stor meiningsskilnad mellom Helse Førde og Sjukehusaksjonen.

– Kva er ditt inntrykk etter å ha fylgt rettsforhandlingane?

– Mitt inntrykk er at spørsmålet om Bergen tingrett kan meine noko i saka er det viktige. Og det vil overraske meg mykje om retten finn å kunne gå inn og meine noko om nedlegginga av ortopeditilbodet er forsvarleg eller ikkje, seier Fossheim.

– Her handlar det lite om objektive kriterier og meir om vurderingar. I tillegg er nedlegginga av føde- og ortopeditilbodet på Nordfjordeid godkjend av alle formelle instansar.