Sandane Lufthamn Anda kan bli nedlagt frå neste år. Investeringane som må til for å oppgradere flyplassen slik at den stettar tryggingskrava blir rett og slett for store.
- Oppgåva no må vere å drøfte med politiske styresmakter det eksisterande regelverket, og å drøfte på kva måte ein kan finansiere ei utbygging slik at krava stort sett blir stetta. Vi vil ha dei fire flyplassane som vi har i dag, seier han. Fylkesordføraren vil byggje alliansar med andre flyplassar som er i same situasjon.
Petter Løvik
Kan ikkje lempe på krava
Leiar i Samferdslekomiteen på Stortinget, Petter Løvik, meiner krava til tryggleik ikkje kan lempast på. Men han vil ta opp politisk om det er mogleg å få gjort det som skal til for å oppretthalde Sandane. Løvik meiner Sandane er ein flyplass som har rett til å bestå.