Hopp til innhold

For å få heilårsturisme må nokon satse kraftig, seier direktøren på Kviknes Hotel

- Nokon i reiselivsnæringa må bryte den vonde sirkelen med at turistane berre kjem til Sogn og Fjordane i nokre hektiske sommarmånader, seier hotelldirektør Sigurd Kvikne.

Sigurd Kvikne

- MÅ SATSE KRAFTIG: Hotelldirektør Sigurd Kvikne seier at nokon må bryte den vonde sirkelen.

Foto: Steinar Lote / NRK

Han meiner den einaste løysinga er at det må satsast kraftig for å få turistar heile året og dermed ei stabil næring.

– Då må vi gjere ei grunnlagsinvestering med ein lang horisont for å få utteljing. Men eg er overtydd over at om vi gjer denne investeringa så vil det vere eit veldig godt samfunnsøkonomisk prosjekt.

Turistsesongen er nesten over for i år. På dei få sommarmånadene skal hotell og attraksjonar tene nok pengar til å halde det gåande resten av året. Dette har vore ei stadig tilbakevendande problemstilling i turistnæringa.

Vond sirkel

Det blir ein vond sirkel, fordi infrastruktur som attraksjonar og turistruter stenger for hausten, og når desse ikkje er opne, kjem heller ikkje turistane.

Kvikne´s Hotel i Balestrand

ATTRAKTIVT OGSÅ OM HAUSTEN: Naturen i Sogn og Fjordane kan vere vel så attraktiv om hausen som om sommaren. Dette er Balestrand med Kviknes Hotel og fjellet Vindreken i bakgrunnen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Kviknes Hotel i Balestrand har hatt 30.000 gjester i sommar, men no når dagane blir kortare kjem det langt færre turistar, konstaterer Sigurd Kvikne.

– Det er fint ver og få utanlandske gjester, heldigvis har vi norske gjester førebels, men det blir etter kvart slutt på dei og. I september og mai har vi turistar, men ikkje med same volumet som i juni, juli og august.

Årsaka til at sesongen er lagt til sommarmånadene er at turistnæringa på Vestlandet tradisjonelt har satsa på den europeiske marknaden, med turistar som ynskjer vakker natur bada i sol.

Kristian Jørgensen

- SATS MOT ASIA OG SØR-AMERIKA: Adm. dir. Kristian Jørgensen i Fjord Norge.

Foto: Ketil Jordan/NRK

– Sats på Asia og Sør-Amerika

Kristian Jørgensen, administrerende direktør i Fjord Norge, trur ein kan skape heilårsturisme i Sogn og Fjordane ved at bransjen ser mot Asia eller Sør-Amerika for å få tak turistar som vil oppleve noko eksotisk og spennande.

– Vi ser at folk gjerne vil oppleve storm og kulde, slikt dei ikkje får oppleve heime fordi dei bur i tropiske område. Vi må legge til rette det vi har å by på til dei som er opptekne av slike opplevingar.

Fjord Norge satsar no aktivt på haust- og vinteropplevingar for turistar som vil prøve noko nytt.

Hilde Charlotte Solheim

'NÅR STENGER FJORDANE?' Ikkje så dumt spørsmål likevel, seier direktør Hilde Charlotte Solheim i Virke.

Foto: Pernille Dvergedal / NRK

– Når stenger fjordane? Ikkje så dumt...

Men hovudårsaka til at det er vanskeleg å få folk til å kome utanom sommarsesongen er at mykje av det dei ynskjer å oppleve er stengt når gradestokken går mot null, seier direktør Hilde Charlotte Solheim i hovudorganisasjonen Virke.

– Det er ikkje berre ein vits når turistane spør når fjordane stenger - "When do the Fjords close down"? Det er slik at veldig mykje blir stengt etter høgsesongen, og då går næringa i dvale. Det blir det ikkje heilårsarbeidsplassar av.

Vakker vinter på Øvrebergsetra

DETTE BØR LOKKE TURISTAR: Slik kan det vere om vinteren, motivet er frå Øvrebergsetra i Stryn.

Foto: Hildegunn og Arvid Hatledal

Etterlyser samarbeid

Det har særleg vore eit problem med at båtruter og annan transport stenger. Solheim meiner næringa må samarbeide om å halde attraksjonar og ruter opne.

– Virke etterlyser eit tettare samarbeid mellom samferselssektoren og reiselivsnæringa.

– Kjempenøgde vinterturistar

Hotelldirektør Sigurd Kvikne er ikkje i tvil om at Sogn og Fjordane er attraktivt for utanlandske turistar også om hausten og vinteren.

– Vi har hatt nokre turistar på haust, vinter og vår, og dei er kjempenøgde. Det er ikkje veret som er avgjerande for at dei kjem, dei kjem fordi det er ei unik oppleving.