- No har eg tårer i augo

Fredag ettermiddag fekk Thor Solberg jr. (66) sin 25 år lange draum endeleg oppfylt.

Thor Solberg jr.

- Eg håpar son min gjer det same på 100 års-markeringa, seier ein rørt Thor Solberg jr. etter å ha lagt bak seg distansen USA-Norge - slik far hans gjorde i 1935.

Foto: Frank Tangen/Floranett.no

Då fullførde han same toktet som far hans, flypioner Thor Solberg, gjorde i 1935. Flyturen frå USA til Norge tok tre dagar - mot faren sine tre veker.

- Eg har tårer i augekroken. Dette er heilt ubeskriveleg for meg. Eg kan berre tenke meg kor fantastisk far ville kjent seg ved å vite at vi ser verdien på prestasjonen hans, seier Thor Solberg junior.

- Dramatisk skilnad

Han er vel framme hos familien i Florø. Men konstaterer at han nok hadde ein langt meir avslappende tur enn far hans for 75 år sidan.

- Det er ein dramatisk skilnad. Det tok han tre veker på grunn av ver, manglande flyplassar, navigasjon og instrument. For oss vart det ein lett tredagars tur. Det tok oss 12 timar, mot far sine 57 timar. Vi gjekk i 41 000 fot - han i 1 000 fot og det i open cockpit, fortel Solberg jr.

Video 75-års jubileum for Amerikaflyging

SJÅ: 75-års jubileum for amerikaflyging.

- Veldig, veldig stolt

- Han hadde ein god sjanse for å mislukkast. Vi hadde svært liten sjanse. Men eg er veldig, veldig stolt, legg 66-åringen til. Far hans var fødd i Florø i 1893, og skreiv seg inn i historiebøkene då han flaug frå USA til Norge. Ingen andre hadde gjort liknande.

Solberg gav også det amerikanske flyvåpenet viktige informasjon om flytilhøva som gjorde at amerikanarane såg viktigheita av amerikanske basar på Island og Grønland under andre verdskrig.

Thor Solberg jr. har landa i Florø

THE EAGLE HAS LANDED: Thor Solberg junior tok av frå Solberg Airport kring 50 kilometer utanfor New York. Fredag kveld landa han i Florø.

Foto: Frank Tangen/Floranett.no

Meir enn ein flytur

- Eg er ikkje sikker på at andre forstår kva betydning flyturen hadde. Det var så mykje, mykje meir enn ein flytur han gjorde, seier Solberg junior.

Han har hatt draumen dei siste 25 åra. For seks månadar sidan klaffa alt slik at han kunne gjennomføre den. I Bergen vart han møtt av familie, som følgde med han vidare på flyturen til Florø - der han landa klokka 20.30.

På vingene over Europa

Opphaldet i Florø blir ikkje av det lengste. Allereie i morgon er han på vingene att, då peiker flynasen mot Irland.

Sidan skal han innom ei rekkje europeiske nasjonar før han reiser til Jordan. Etter tre kring tre veker på vingene over Europa går turen attende til staten New Jersey og Solberg Airport.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.