NRK Meny
Normal

- Nesheim burde vite betre

- Rolf Nesheim burde vite betre når han seier det er ansvarsfråskriving av oss å ikkje gje Lærdal sjukehus tilbake fødeavdelinga, seier styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg.

Clara Øberg
Foto: NRK

- Eg reagerer på at styret berre peikar på at helseministeren har bestemt at det skal vere forsterka fødestove. Det sa representant frå Venstre, Rolf Nesheim, i fylkestinget.

-Uhøyrt passivitet

- Når styreleiaren i Helse Førde seier til media at det er statsråden som har bestemt at vi skal ha forsterka fødestove i Lærdal, og at styret ikkje kan gjere endringar på eiga hand, så er det ein illustrasjon på ei ansvarsfråskriving og ein passivitet som eigentleg er uhøyrt.

Nesheim meiner at når ei fødeavdeling gir eit betre tilbod utan at det vert dyrare enn ei forsterka fødestove, så er det ei plikt å gjere om vedtaket om forsterka fødestove. 

Lærdal Sjukehus
Foto: NRK

- Burde vite betre

Øberg meiner venstreleiaren eigentleg veit betre. Men at han prøver å slå politisk mynt på situasjonen som har oppstått etter at Nasjonalt Råd for fødselsomsorg nekta å gå god for kvaliteten på den forsterka fødestova i Lærdal.

- Eg er forbausa over at eit fylkestingmedlem ikkje kjenner systemet betre. Vi kan ikkje overprøve eit vedtak som er gjort på eit nivå over oss. Eg trur han veit det, men det er veldig lett å sitje på sidelinja og gje ein slik kritikk mot betre vitande, seier Clara Øberg.

Kan ikkje avvise at ei fødestove er betre

Nesheim kritiserte Øberg og resten av styret frå talarstolen på Fylkestinget. Han meinte Helse Førde sjølv burde ha teke tak i situasjonen når arkitektane bak fødestovemodellen, det nasjonale rådet for fødselsomsorg, meinte at det ikkje kunne halde fram slik det no er i Lærdal. Dei meinte blant anna at fleire kvinner ikkje vart vidaresendte til Førde - trass i fare for komplikasjonar under fødslane.

I staden viste Helse Førde til helsedepartementet sidan det var dei som vedtok ordninga med den jordmorstyrte fødestova, som er forsterka med ein kirurg på dagvakt.

- Det er opp til statsråden å gje mynde

Øberg kan ikkje avvise Nesheim sin påstand om at ei fødeavdeling vil vere eit betre og omtrent like billeg tilbod som det Lærdal har i dag. Men igjen viser ho til departementet.

- Vi kan ikkje gjere om vedtaket om å ha ei forsterka fødestove, når det er gjort på eit nivå over oss. Gjer nivået over oss om vedtaket, eller gir oss mynde til å gjere det om, vil vi rette oss etter det. Men vi kan ikkje overprøve statsråden, det er heilt umogleg,

- Men om de får mynde av statsråden kan de då gjenopprette ei fødeavdeling?

- Ja då blir det ei styresak, men i dag kan vi ikkje gjere det, og det burde Nesheim som sit på fylkestinget vite.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.