Han trur studiet vil bli populært i framtida, og seier Høgskulen må satse på eit breitt studietilbod.
Avgjerd måndag
Måndag skal høgskulestyret avgjere framtida til ingeniørutdanninga i Førde. I si innstilling rår direktør Hans Jørgen Binningsbø til at det 3-årige studiet vert eit eitt-årig fyrsteårsstudium, med ein garanti om studieplass på andre året ved Høgskulen i Bergen. Binningsbø meiner studentane slik kan velje mellom eit breiare spekter av fagretningar. Han rår også til ei nedlegging av geologistudiet i Sogndal.
Dårlege søkjartal
Argumenta er dårlege søkjartal og innsparingar ved å fjerne dyre, små studietilbod. Ingeniørutdanninga i Førde konkurrerer med Bergen, Ålesund, Stavanger og Stord/Haugesund.
Høgskuledirektøren seier dei må tilpasse seg studentane og arbeidsmarknaden. - Gjer vi ikkje det, vert vi knebla økonomisk, seier han.