Hopp til innhold

- Nederlag om Åsnes flaggar ut

- Det vert eit nederlag for Fjaler dersom Åsnes Ski flaggar ut til Kina, seier ordførar Arve Helle i Fjaler.

Åsnes Ski
Foto: NRK

Etter millionunderskot i fjor kan no all skiproduksjon verte flytta til Kina. Og det likar Helle dårleg.

- Alle tapte arbeidsplassar er eit nederlag, men samstundes forstår eg at bedrifta må tene pengar. Åsnes Ski har vore og er framleis viktig for Fjaler, ikkje minst har merkevara Åsnes vore med og sett Fjaler på kartet. Det er klart at det er ei bedrift vi vil behalde.

Fleire bedrifter i Fjaler har enda opp som Åsnes Ski no risikerer å gjere. I Fjaler kommune har det forsvunne minst 200 industriarbeidsplassar dei siste 25 åra. Helle håpar å finne nye arbeidsplassar dersom tilsette ved Åsnes Ski no skulle misse jobben.

- Vi håpar å kunne erstatte desse arbeidsplassane. Dei industriarbeidsplassane som har gått tapt er i stor grad blitt erstatta av nye typar arbeidsplassar, og det håpar vi skjer her og. Det nyttar ikkje å legge seg ned og grine, vi må berre jobbe på vidare.