I to år har Fylkesmannen drive det såkalla naturbruksprosjektet i Sogn og Fjordane. Dei fire bygdene Veitastrond, Jostedalen, Hyen og Værlandet er med i prosjeket, der formålet er å skape nye næringar i allereie verna områder.
- Juks?
- Viss vi skal måle prosjektet utifrå resultat og arbeidsplassar, har det ikkje vore særleg vellukka, seier Asbjørn Nes. Han meiner fylkesmannen juksar når dei skryt av kor mange nye bedrifter dei har bidrege til å skape.
- Naturbruksprosjektet har hengt seg på allereie eksisterande ting og gjort dei til ein del av prosjektet, hevdar Nes. Han meiner òg at ein del av desse tinga er kjekke hobbyar, men ikkje aktivitetar som skapar fleire arbeidsplassar eller får fleire folk til bygdene.
Legitimerer vern?
Asbjørn Nes trur Fylkesmannen med si skryteliste har som mål å bevise at det er lett å skape nye aktivitetar i verneområder; altså at vern ikkje er noko hindre for næringsutvikling.
- Det blir veldig uheldig viss dei brukar dette for å legitimere enno meir vern, seier Nes.
Christian Rekkedal (Foto:Arne Eithun, NRK)
Fokuserer på moglegheitene
Utviklingssjef ved landbruksavdelinga til Fylkesmannen Christian Rekkedal tykkjer kritikken frå Nes er altfor krass.
- Vi har ikkje som formål å ta æra for noko andre har skapt, men å fokusere på mogleigheitene som finst i bygdene, seier Rekkedal.
Held fram
I går kveld heldt styret i bygdelaget eit møte der dei drøfta utspelet frå Asbjørn Nes. På dette møtet sa eit samrøystes styre at dei ønskjer å halde fram i naturbruksprosjektet.