NRK Meny
Normal

- Nasjonal helseplan eit vonbrot

Nasjonal helseplan som vart offentleggjort i dag er eit vonbrot for mange. Planen gir ikkje avklaring på kva akuttberedskap lokalsjukehusa skal ha.

Nordfjord sjukehus
Foto: Arne Eithun / NRK

Dermed bidreg ikkje planen til å dempe konfliktnivået i sjukehusstriden i fylket, slik mange hadde håpa på.

Sjukehusaksjonist Bente Øien Hauge i Lærdal er skuffa.

 

Bente Øien Hauge.
Foto: NRK

- Ikkje avklaring

- Eg hadde venta eit større løft enn dette, og det som er klart er at det blir veldig mykje diskusjon om dette utover hausten. Dette er slett ikkje noka avklaring.

Varsla svar

Regjeringa har slått fast at ingen lokalsjukehus skal leggast ned. Men det store spørsmålet i lokalsjukehusstriden har vore kva lokalsjukehusa skal innehalde. Det har difor vore knytt store forventningar til nasjonal helseplan som vart offentleggjort i dag, fordi mange har varsla at svaret på dette skulle kome nettopp her. Mellom anna sa  nestleiar i helsekomiteen på Stortinget, Rune Skjelaaen frå Sentarpartiet, dette i ein debatt i NRK 3. august:

- Eg er overtyd over at når nasjonal helseplan kjem saman med statsbudsjettet i oktober så vil omtalen av lokalsjukehusa vere brei, og det vil vere nokre kraftige føringar på kva lokalsjukehusa skal tilby folk.

Ikkje svar på funksjonar

Nasjonal helseplan slår i dag fast at hovudoppgåva til lokalsjukehusa skal vere knytt til store sjukehusgrupper som eldre og kronikarar. Men planen er ikkje konkret på kva funksjonar lokalsjukehusa skal ha. Ei slik konkret definering av kva Regjeringa vil at lokalsjukehusa skal vere, er noko både sjukehusforkjemparar, lokalpolitikarar og fylkeslegen har etterlyst tidlegare..

Akuttberedskap?

Det viktigaste temaet i debatten kring lokalsjukehusa har vore knytt til kva akuttberedskap lokalsjukehusa skal ha. Men i staden for å svare på dette, set Regjeringa ned eit utval som skal arbeide vidare med dette spørsmålet. Det er difor framleis heilt i det blå om det skal vere akuttberedskap ved fleire lokalsjukehus i landet, og både ved Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus må dei framleis leve i uvisse. Den uavklarte situasjonen er god grobotn for at sjukehusstriden rasar vidare. Det trur tillitsvald for overlegane i fylket, Rune Larsen.

 

Rune Larsen
Foto: NRK

- Vil ikkje roe ned debatten

- Generelt synest eg at nasjonal helseplan set meir fokus på kva pasientane skal ha av tilbod enn kvar tilbodet skal vere. Det er lite i dette som kjem til å roe ned debatten, her er ikkje noko bestilling til klorkje Helse Vest eller Helse Førde om at slik skal eit lokalsjukehus sjå ut.

 

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.