Hopp til innhold

- Naivt forsvarsspel gav tap

Sogndal sin nyinnkjøpte spiss, Andreas Moen, kunne blitt matchvinnar mot Løv-Ham, men slik vart det ikkje.

Endå eit vonbrot for Stig Nord
Foto: Cosmin Cosma / NRK

I staden måtte trenar Stig Nord sjå på at laget tapte etter naivt forsvarsspel i Bergen.

Andreas Moen skåra for Sogndal allereie etter to minutt i første omgang. Men heimelaget Løv-Ham kom tilbake og utlikna då det var spelt 65 minutt. Tre minutt før kampen var slutt gjekk Løv-Ham opp til 2-1.

- Det var ein skuffande kamp av Sogndal i dag, seier Sogndal-trenar Stig Nord.

 - Skal køyre over Løv Ham

Prestasjonane våre er ikkje gode nok, det er for dårleg, vi skal køyre over eit lag som Løv Ham viss vi presterer det vi kan.

Løv Ham hadde ikkje vunne på åtte serierundar, men slo altså Sogndal. Nord hadde berre ein ting å  gle seg over, og det var at Andreas Moen sette inn eit flott mål.

- I første omgang hadde vi bra defensiv kontroll og styrte det meste, og det starta bra i andre omgang og, vi hadde ein gedigen sjanse då Andreas Moen var åleine med keeper.

Gav bort gratissjansar

Men utover i omgangen gjekk det dårleg, særleg i forsvar. I staden for å avklare enkelt og greitt, gav Sogndal-spelarane bort gratissjansar til Løv-Ham.

-  Problemet er at vi vart alt for naive i forsvarsspelet vårt, vi blir alt for puslete og byr på nestennsjansar heile tida.

Og Løv-Ham bukka og takka for dei sjansane som baud seg. I løpet av den siste halvtimen henta dei opp Sogndal-leiinga og la på til 2-1.