Hopp til innhold

- Nærsjukehus eller turnusteneste

- Helse Førde må no gjere eit val mellom å styrke drifta av Nærsjukehuset i Florø eller å styrke det faglege innhaldet i turnustenesta, meiner fylkeslege Petter Øgar.

Petter Øgar.
Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

- Ingen kan få i både pose og sekk, heller ikkje Helse Førde. Det er nok rett å seie at det er eit prioriteringsval. Viss Helse ynskjer å prioritere ei god turnusordning som turnuskandidatane opplever som attraktiv og som dermed kan virke rekrutterande, så bør Helse Førde vurdere å fjerne turnuskandidatane frå Nærsjukehuset i Florø. Men skal drifta av Nærsjukehuset prioriterast, kan det hende at kvaliteten på turnustenesta må vike noko, seier fylkeslegen.

Nærsjukehuset i Florø.
Foto: Arkivfoto

Misnøye i lang tid

Det har i lengre tid vore misnøye blant legane med innhaldet i turnustentesta ved Helse Førde. Øgar seier dei no ser betring på fleire område, men framleis er dei ikkje nøgde med stoda i Florø, sjølv om turnustenesta er i samsvar med målskildringa.

- Eg er samd med dei turnuskandidatane som seier at det faglege innhaldet i turnustenesta ved Nærsjukehuset i Florø ikkje er så godt som det burde vere.

- Set fingeren på utfordringa

Fagdirektør i Helse Førde, Bjarne Straume, har ikkje motteke brevet frå Øgar og vil ikkje kommentere innhaldet ut over at fylkeslegen set fingeren på det som er utfordringa for Helse Førde. Det er mange omsyn å ta og vurderingar som Helse Førde ikkje kan ta åleine.