- Han har nok fleire hattar oppi dette, og uttalte seg som fylkespolitikar. Men han er også leiar i HAFS regionråd, eit kommunesamarbeid mellom Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund, seier ho. Og i den samanheng meiner ho Mowatt er illojal.
Lettare å bu heime
Harry Mowatt, medlem i fylkesutvalet for Arbeidarpartiet, kritiserer ein avtale som går ut på at Sogn og Fjordane fylke betalar fem til seks millionar kroner for at elevar frå Gulen skal få gå på vidaregåande skule i Hordaland. Avtalen skal gjere det enklare for elevane frå Gulen å bu heime medan dei går på skule. Bakgrunnen er at det er kortare for elevane å reise til skular i Hordaland enn i Sogn og Fjordane. Mowatt hevdar mange likevel vel å bu på hybel, og at avtalen då er mislukka.
Brosvik lurer litt på talmaterialet Mowatt bruker. I 2003 var det 31 elevar frå Gulen som gjekk på Austrheim, og seks som gjekk på Lindås. Og for dei seks som må bu på hybel i Knarvik, så er ikkje det så mykje, seier ho.
Kunne fått sju klassar for same sum
Mowatt peikar på at for dei fem-seks millionane avtalen kostar kunne ein fått sju nye allmennfaglege klassar i eige fylke, og at dette kunne vore til god hjelp for elevar i Måløy som ikkje får eit allmennfagleg tilbod, og Årdal der ein mista ein klasse grunna økonomi. Gulenordføraren meiner det likevel kan forsvarast at elevane frå kommunen får føremoner. - Kor mange andre kommunar er det at alle må flytte vekk for å gå på vidaregåande skule, lurer Brosvik på. Ho trur at Gulen og Solund er dei som er hardast råka her i fylket.
Avviser kritikken
Harry Mowatt avviser kritikken frå Brosvik. Mowatt er fylkespolitikar men og leiar for HAFS-regionråd. Mowatt er usamd i at han sviktar samarbeidet han er leiar for. Han seier han har mange hattar, men at han klarar å ha ein på hovudet om gangen.