Den 6. juni 1994 hadde Vestlandsrevyen eit innslag om vektløftarmiljøet i Naustdal. Stian Grimseth var den gong 22 år, han hadde teke sitt første seniorgull i NM året før.
- Viktig motivasjon
– Eg hugsar veldig godt dette første tv-innslaget, det var mitt første møte med denne delen av media, og eg sette veldig stor pris på at det vart laga eit innslag. Den interessa vi fekk i media den gongen var ein viktig motivasjon for å satse på idretten.
400 såg lag-NM i gymsalen
Grimseth minnest med glede desse første åra som vektløftar.
– Eg hugsar vi arrangerte lag-NM i den vesle gymnastikksalen på Naustdal barne- og ungdomsskule. Der pressa vi inn 400 tilskodarar. Det var eit utruleg trøkk!
To EM-gull
Dei fleste som har ein viss peiling på sport kjenner til idrettskarrieren til bamsen frå Naustdal. I 1996 og 1997 tok han EM-gull i rykk og bronsemedalje samanlagt, vidare har han ein 10. plass frå OL og sjuandeplass frå VM. Tolv NM-gull og ti kongepokalar i NM bør og nemnast.
Sjå innslag i Vestlandsrevyen 14. april 1996 då Stian Grimseth kom heim til Sunnfjord etter første EM-gullet:
Meir om karrieren kan du lese i biografien til
i Fylkesleksikonet.Så kom nedturen
Den store nedturen hans vart dopingsaka som eksploderte i OL i Sydney i 2000. Den enda med oppreising og erstatning til Stian Grimseth. Men det tok lang tid, og i mellomtida var medietrykket eit heilt anna enn det han hadde opplevd før.
Fjellstøtt i stormkasta
Men den røslege karen frå Naustdal stod fjellstøtt i stormkasta, han var overtydd om at han ikkje hadde gjort noko ulovleg. Og i media framstod han truverdig, dei fleste trudde på han, og med hjelp av gode krefter vann han til slutt fram.
Mesternes mester
Og etter at karrieren var over var han deltakar i eit høgt profilert underhaldningsprogram i NRK1, Mesternes mester. Der møtte han andre norske idrettsprofilar i øvingar som ikkje alltid var skreddarsydde for ein med ein kropp som han. Men han kom heilt til finalen også der, og enda på ein andreplass.
I byggjebransjen
I dag er Stian Grimseth dagleg leiar i Gravdal Bustadprosjekt og sit i leiargruppa i Gravdalgruppa, eit selskap som prosjekterer og byggjer hus. Han er far til tre barn, og tid er ikkje det han har mest av. Men han er framleis ein del av vektløftarmiljøet i Tambarskjelvar IL.
– Eg er litt med, men det er avgrensa kor mykje eg kan engasjere meg slik kvardagen min er. Eg tek sikte på å ta dette igjen når ungane vert litt større.
– Ikkje gener, men kunnskap
Mange har fundert over grunnen til at Naustdal har fostra så mange sterke karar, og ein av teoriane er at det ligg i genene. Det har ikkje Stian Grimseth så stor tru på.
– Eg trur det første og fremst handlar om kunnskap og kultur og kontinuitet. I Naustdal har vi eldsjeler som har tileigna seg kunnskap som dei har formidla vidare til unge som har lyst å prøve seg som vektløftarar.