Hopp til innhold

- Mot all sunn fornuft

Sogn og Fjordane får ein million kroner mindre å rutte med etter at Regjeringa har fordelt distriktspotten på statsbudsjettet.

Det skjer sjølv om sunnfjordkommunane Flora, Naustdal og Førde no er definerte som distrikt.

- Hamna i sentrale strok

- Store deler av dei auka løyvingane til distrikta har hamna i sentrale strok, seier ein forundra direktør i Innovasjon Norge, Halvor Flatland.

Han synest dette er imot all distriktspolitisk sunn fornuft. Sogn og Fjordane hadde venta minst 10 millionar kroner ekstra.

Hadde håpa på meir

I fjor fekk Sogn og Fjordane 71,4 millionar kroner til regionale utviklingsmidlar. I år er potten redusert til 70,4 millionar. Flatland hadde håpa på langt meir fordi kommunane Flora, Naustdal og Førde er tekne innatt i varmen og er definert som distrikt. Med mindre pengar betyr dette rett og slett at fleire må dele på godene.

- Dramatisk

Fylkesdirektør for regional utvikling, Velaug Veum, likar ikkje det som skjer. Fordi sunnfjordkommunane igjen er definerte som distrikt, bad fylkeskommunen om 10 millionar ekstra, men får berre 2,4 millionar.

- Dette er dramatisk, seier Veum.

I tillegg er potten til skjønsmidlar redusert frå sju millionar til fire millionar i år. Og tilskot til kommunale næringsfond er redusert med 400.000 kroner til 8,3 millionar. Totalt betyr dette mykje for fylket, seier Velaug Veum, som er fungerande rådmann i fylkeskommunen.

- Forstår det ikkje

Både Møre og Romsdal og Hordaland har fått kraftige påplussingar. Store deler av løyvingane over statsbudjettet går til sentrale strok, og Flatland forstår ikkje kvifor Sogn og Fjordane kjem så dårleg ut. Han synst dette er merkeleg.