Hopp til innhold

- Mora visste alt

Aktor meiner mora til den hovudtiltalte i narko-saka i Fjordane Tingrett må dømmast til 420 timars samfunnstrafff. - Mora visste alt, meinte advokat Knut Broberg i sin prosedyre.

Aktor viste til at tidlegare sambuar har forklart at "å bu med tiltalte var som å vere i eit trekantforhold, ho visste alt. Ho visste sikkert når dei hadde hatt sex og".

16.000 SMS og samtalar

Vitnet skal ha forklart at mora visste kva sonen dreiv med av narkosal. Aktor viste dessutan til at mora ikkje kunne unngå å legge merke til den aktiviteten som var via sonen sin telefon. I ein periode på 76 dagar fekk sonen 16.000 SMS og samtalar inn på sin telefon.

Både mor og son seier dei har hatt eit godt forhold. Vitne har i retten forklart at mora gjer det ho kan for sine born, og at ho set dei før seg sjølv. I ein periode budde dei i same hus.

Heldt oppsikt med politiet

Aktor la vekt på at mora måtte ha kjennskap til sonen sin aktivitet etter at han vart dømd for narko i 2005. Han vedgjekk då narkosalet, men lova mor si at han skulle slutte. Same hausten budde dei i same hus, og aktor meinte at frå det tidspunktet smeltar verdene deira saman. Han meinte at frå det tidspunktet er mora med på å gjere salet av amfetaminen tryggare. Ho heldt oppsikt med politiet på politiradio og med kikkert. Og ho gjev rapportar til sonen når det skjer noko, hevdar han.

Bidrar til salet

Ho bidrar også praktisk til salet, meiner aktor. Han viste til at ho la sprøytespissar i postkassar og ho tek imot beskjedar frå sonen - for eksempel at "kjem politiet må du fjerne det i skjulet, bilen er clean".

Aktor meinte også at ho bevisst hadde latt sonen ta med hennar telefon på ein hentetur til Oslo. Telefonen hennar vart brukt som kontaktpunkt med leverandøren i Oslo – den såkalla "Sjefen". Ho kommuniserte også beskjedar vidare til "Sjefen" etter beskjed frå sonen. Ut frå dette meinte aktor at det er grunnlag for å dømme mora for medverknad til kjøp av eit kilo amfetamin.