NRK Meny
Normal

- Ministeren må gripe inn i Lærdal

- Statsråden må syte for at vi får avklara kva fødetilbod sjukehuset skal ha. Det seier Siv Enerstvedt i Aksjon Forsvar Lærdal sjukehus.

Lærdal Sjukehus
Foto: NRK

Seks veker etter at det nasjonale rådet for fødselsomsorg ikkje lenger ville ha ansvaret for fødestova i Lærdal, herskar det framleis uvisse om kva tilbod det skal vere ved sjukehuset.

- Eg tykkjer det er for dårleg, seier Enerstvedt.

8. mars gav Nasjonalt råd for fødselsomsorg beskjed om at dei trekte seg ut av fødestoveprosjektet ved Lærdal sjukehus. Rådet grunngjev dette med at fødestova vert driven som ei fødeavdelinga, sjølv om dei ikkje lengar har like store faglege ressursa. Rådet peikar på at mange gravide kvinner ikkje vert vidaresende til andre sjukehus trass i at det er fare for komplikasjonar. Rådet meiner tilbodet anten må gjerast om til ei rein fødestova eller så må det leggjast ned.

No seks veker seinare er det framleis ikkje kome noko avklaring på korleis fødetilbodet i Lærdal skal vere.

Heilt uhaldbart  

- Det er klart at dette er ein veldig fortivilande situasjon. Spesielt for dei gravide, men òg for alle andre innbyggjarane i Sogn er dette uhaldbart, meiner Enerstvedt.

Og ho får støtte frå Sogn Regionråd. Leiar Olav Lunden meiner dei ikkje kan leve med denne uvissa som no rår.

- Vi har venta lenge nok. Vi har eit tilbod som ser ut til å vere noko ustabilt og dårleg tillaga. No bør vi få ei avklaring. Det er det vi har venta på i ein periode no, og no bør vi få det.

Statsråden må gripe inn

I Aksjon Forsvar Lærdal sjukehus krev dei no at dette bli ei sak for helseministeren.

- Det er statsråden som må ta eit vedtak på å få tilbake fødeavdelinga ved Lærdal, for det er det einaste fornuftige å gjere i denne saka.

Ved statsrådens kontor seier dei i dag at det ikkje er venta noko avklaring i næraste framtid. Men for innbyggarane i indre Sogn er begeret fullt - dei vil ha ei avklaring no. Enerstvedt legg ikkje skjul på at ho er skuffa over måten Helse Førde og Helse Vest har handtert saka på.

- Vi tykkjer det er sørgjeleg at verken Helse Vest eller Helse Førde tek initiativ i denne saka. I brevet frå Nasjonalt råd for fødselsomsorg er det mykje feil. Statsråden må få korrekte tal og opplysningar på bordet før ho kan fatte sitt vedtak. Konklusjonen gjev seg sjølv dersom ho får den rette informasjonen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.