Hopp til innhold

- Ministeren lurte årdølene

Næringsministeren sitt løfte om statlege arbeidsplassarer er berre eit knep for å roe gemyttane, hevdar  Venstre-leiar Lars Sponheim.

Lars Sponheim
Foto: Knut Falch / Scanpix

- Eg kjenner denne formuleringa godt. Den står i talemanusa frå næringsdepartementet og vert brukt nesten alle stader i Norge der næringsministeren reiser. Dette kjenner eg godt til, og det er berre eit forsøk på å dempe temperaturen i dette møtet, hevdar Lars Sponheim.

Sponheim som var næringsmininster frå 1997 til 2000 går langt i påstå at signalet om statlege arbeidsplassar til Årdal er rein bløff. Han seier det er eit velkjent knep å love å vurdere etablering av statlege arbeidsplassar.

- Dette er standard. Og legg merke til at det ikkje vart lova arbeidsplassar, men at det skulle vurderast. Det blir heilt sikkert vurdert, men det kjem ikkje til å verte mange jobbar ut av det.

 - Årdal har liten sjanse

Sponheim hevdar sjansen for å få statlege arbeidsplassar til Årdal er svært liten. 

- Det vert etablert svært få nye statlege arbeidsplassar. Dei få som det er snakk om er på sjukehusa og i politiet. Men den veksten må nødvendigvis skje der det er pasientar eller kjeltringar, og ingenting er det spesielt mykje av i Årdal, hevdar Venstre-leiaren.