Hopp til innhold

- Mektig imponert over filmtalent

Produsenten bak skrekkthrilleren "Snarveien", Bjørn Eivind Aarskog, er mektig imponert over lokale filmtalent.

Bjørn Eivind Aarskog

IMPONERT: Bjørn Eivind Aarskog har produsert ei rekkje norske filmar. Han er imponert over nivået på dei lokalproduserte filmane som ligg ute på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane.

- Eg må seie eg vart kjempeoverraska over kor høgt nivå desse filmane hadde. No gler eg meg til å komme til Sandane, seier rogalendingen etter å ha sett igjennom dei sju filmane som ligg ute til avrøysting på nettsidene til NRK.

Var ikkje like flink

Aarskog skal denne veka gje deltakarane på Q-filmfestivalen alle triksa ingen lærte han som ung filmspire . Men medan han såg filmane som ligg ute på NRK sine nettsider, vart han nærast flau på eigne vegner.

- Eg byrja å samanlikne med meg sjølv. Var eg sjølv så flink? Nei, eg trur ikkje det. Eg måtte finne unnskyldningar for kvifor eg ikkje laga så gode filmar, ler han.

- Tre favorittar

- Det var ikkje lett å sjå at alle var laga av amatørar. Nokre var eit godt hakk forbi det, legg produsenten til. Aarskog likte tre av filmane svært godt, men har vanskar med å skilje ut den han meiner er desidert best.

- Men det var høgt nivå på filmane, seier han.

Stem til torsdag

Prisutdelinga fredag blir sendt direkte på NRK sitt Nett-TV. Fram til torsdag er det mogleg for publikum å røyste på filmane som ligg ute på nettet. Dei er mellom fleire filmar som kjempar om den gjeve publikumsprisen.

Måndag kveld skilde det 50 røyster mellom dei to mest populære filmane i avrøystinga. Tysdag var forspranget henta inn og vel så det. Klokka 20 skilde det 30 røyster. Det var då kome inn 927 røyster.