NRK Meny
Normal

- Meir pengar straks

Klar melding til landbruksminister på gardsbesøk i Naustdal.

Terje Riis Johansen avslutta i føremiddag si rundreise i Sogn og Fjordane med inntak av lefser og kaffi på Svoen i Naustdal. Mjølkebonde Olav Svoen fekk då høve til å komma med ein tilstandsrapport.

- Situasjonen er kritisk for oss mjølkebønder. Me har komme inn i ein ond sirkel. Dersom det skal vera mogleg å driva mjølkeproduksjon i Sogn og Fjordane også i framtida, må denne utviklinga stoppast, seier Svoen.

Legg ned

Sambygdingen Bjarte Kalland har drive som mjølkebonde i 25 år. Snart vert garden hans ein av stadig fleire i statistikken over nedlagde bruk her i fylket.

- Dersom ein skal investera i mjølkeproduksjon, må ein enten vera lottomillionær eller villig til å arbeida 24 timar i døgnet, seier Kalland.

Han har bestemt seg for å legga ned drifta kommande vinter.

Pengar

Høgre tilskot og betre løn er krava frå bøndene.

- Det er meir pengar som skal til. Ikkje minst til investeringar, seier Kalland.

Jordbruksoppgjeret i vår var betre enn på lenge, men bøndene i Sogn og Fjordane meiner likevel løftet ikkje er stort nok.

Tungdrive

Kanskje kan statsråd-visitten hjelpa på oppgjeret neste år. For Terje Riis Johansen vedgår at han har fått eit anna perspektiv på korleis det er å driva gard mellom fjordar og fjell.

- Eg har sett kor tungdrive enkelte av eigedommane her er, og eg tek med meg inntrykka attende til Oslo. Dei kan vera nyttige når me skal avgjera korleis me fordeler arealtilskot og den typen verkemiddel. Dette må me sjå i høve til kor lett det er å driva jorda i ulike deler av landet, seier Johansen.

- Skal me ha mjølkeproduksjon i Sogn og Fjordane?

- Heilt klart, dette er jo eitt av dei fylkene der det vert produsert mest mjølk. Men, det inneber utfordringar at mykje av jordbruksarealet er tungdrive, samt at strukturen på gardsbruka er slik at mange slit med innteninga, seier Johansen.

 

 

 

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.