Hopp til innhold

- Me skyt for lite hjort i fylket

Tre prosent auke i fellinga av hjort her i fylket er alt for lite meiner Skogeigarlaget.

Skoten hjort

Skoten hjort

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Me kunne ønskja oss at auken var større. Me skyt ein ganske stor prosent av tildelte hjorteløyver, så eg trur me må få tildelt større kvotar for å få større avskyting, seier leiar i Sogn og Fjordane skogeigarlag, Otto Leif Østenstad.

Tre prosent auke i fellinga

11.600 hjort vart liggande i lyngen i Sogn og Fjordane i fjor - ein auke på tre prosent frå 2008. For dersom målet er å få redusert påkøyrsler og beiteskader monnar ikkje det, vedgår viltrådgjevar hjå Fylkeskommunen, Joar Helgheim.

- Ein burde ta ut ein god del meir dyr. Det er ikkje noko som tyder på at hjorten som er teke ut denne sesongen har redusert stamma noko vesentleg.

- For tre prosent er nesten ingenting?

- Det er nesten ingen auke når det er snakk om 11 600 dyr som vert teke ut totalt.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Felte hjortar 2009

KOMMUNE

Ant. felt hjort

Fellings %

Rekord

Tildelte

Rekord

%-vis

Flora

750

83

Nei

904

770

-2.6 %

Stryn

728

82

Nei

891

824

-11.7 %

Fjaler

807

82

Ja

982

739

9.2 %

Gaular

781

97

Ja

808

713

9.5 %

Bremanger

717

83

Ja

867

679

5.6 %

Gloppen

696

77

Ja

904

626

11.2 %

Høyanger

613

86

Ja

712

607

1.0 %

Sogndal

504

61

Nei

821

558

-9.7 %

Gulen

566

89

Ja

638

542

4.4 %

Askvoll

522

87

Ja

602

513

1.8 %

Eid

563

88

Ja

639

504

11.7 %

Luster

458

48

Nei

950

464

-1.3 %

Hyllestad

435

74

Nei

585

454

-4.2 %

Naustdal

497

86

Ja

580

450

10.4 %

Jølster

424

87

Ja

489

422

0.5 %

Førde

420

91

Ja

462

387

8.5 %

Balestrand

341

60

Nei

566

380

-10.3 %

Lærdal

308

91

Nei

337

340

-9.4 %

Vik

293

77

Ja

381

287

2.1 %

Vågsøy

252

82

Ja

308

234

7.7 %

Selje

254

77

Ja

330

230

10.4 %

Aurland

142

54

Nei

265

163

-12.9 %

Solund

Ikkje rapportert

Ikkje rapportert

Ikkje rapportert

Ikkje rapportert

186

-100.0 %

Hornindal

195

100

Nei

195

196

-0.5 %

Årdal

98

65

Nei

151

99

-1.0 %

Leikanger

87

100

Nei

87

87

0.0 %

TOTALT 2009

11451

79

Ja

14454

11280

1.5 %

Ekspander/minimer faktaboks

Tabellen syner kommunevise antal felte hjortar, om det er rekordavskyting i dei ulike kommunane, antal tildelte fellingsløyver, kva rekorden er og kor stor prosentvis skilnad det er mellom årets felling og rekordfellinga. Førebels statistikk frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Solund har ikkje rapportert avskytinga enno.

Håpar på større kvotar

Både han og Østenstad trur likevel at kommunane vil auke på løyver og sannsynlegvis dermed talet på skotne dyr ytterlegare innan jakta i 2010 set i gang.

- Me ser vel at me har ein relativt høg fellingsprosent i auke. Og det viser jo at det er rom for å ta ut meir dyr, seier Helgheim.