Hopp til innhold

- Mange trur biljard berre er ein pubidrett

NAUSTDAL (NRK): Jaran Gelin Rysjedal (16) byrja å spele biljard for fem år sidan – no er han i Norgeseliten og har representert Norge i EM.

Jaran Gelin Rysjedal (16) har etablert seg som ein av landets beste biljardspelarar i juniorklassen.

MENTALT: – Det krevst enorm mental stryke for å hevda seg i biljard, seier Jaran Gelin Rysjedal medan han konsentrerer seg om å sette inn ei kule.

– Mange trur biljard berre er noko ein speler på pub og at det ikkje er ein sport, men det er ein toppidrett. For å bli best må ein legge ned ufatteleg mange timar med trening, seier Jaran.

16-åringen trenar til dagleg i ungdomshuset Rampen i Naustdal, ofte saman med faren Robert Gelin Rysjedal som har spelt biljard sidan 80-talet.

Skade øydela fotballkarrieren

Før Jaran byrja å spele biljard var faren trenar for fotballaget sonen spelte på.

– Eg måtte slutte med fotballen i sjetteklasse på grunn av ein skade i beina. Det var då eg for alvor byrja å spele biljard. Det har vore ei utruleg god erstatning for fotballen og eg har til no oppnådd alle måla mine, seier Jaran.

Den felles interessa for biljard har styrka far-son forholdet.

– Vi var mykje saman då eg var fotballtrenaren hans, men ikkje like masse som no. Vi reiser på turar saman og trenar i lag fleire gonger i veka, seier far Robert, som også er visepresident i Norges biljardforbund.

Jaran og Robert Gelin Rysjedal

MYKJE TRENING: Jaran (t.v.) og Robert Gelin Rysjedal legg ned mange treningstimar rundt biljardbordet. – For å bli god i biljard trengst det meir trening enn mange trur. Ein må jobbe med grunnstilling, underarmen skal vera heilt strak og det er ein ekstremt tøff mental sport, fortel Robert.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

«Fylkeslandslaget»

I sommar var det junior-EM i biljard i Austerriket, og etter å ha tatt to bronsemedaljar og ein sølvmedalje i junior-NM dei siste to år var Jaran kvalifisert.

– Vi var elleve som vart tatt ut frå Norge og av desse var vi fem her frå fylket. Det var meg frå Fjordane Biljardklubb og fire frå Hyllestad, seier Jaran.

I Norge er det om lag 40 biljardklubbar som har rundt 5000 medlemmar. Av desse speler circa 1000 aktivt i konkurranse.

Topp- og breiddeidrett

Far og son legg ned mange timar ved biljardbordet, og poengterer at for å bli best trengst det mykje trening.

– Eg har vore oppe i over 30 treningstimar i veka og det å ha pappa med på trening har vore utruleg viktig. Eg har fått mange tips frå han, seier Jaran.

Begge speler i førstedivisjon, og i år er det far som går sigrande ut av duellen. Robert vart fylkesmeister i 1993, men sonen har snart tatt han igjen.

– Eg håpar verkeleg at han slår meg til neste år. Målet mitt er å få han best mogeleg, seier Robert.

Sjølv om det trengst mykje trening for å bli best, er dei klar på at biljard er ein sport for alle.

– Biljard er ekstremt sosialt og det er noko alle kan driva med. Det er aldri for seint å byrja og vi har med folk som sit i rullestol blant anna, seier Robert som håper fleire vil fatte interessa for sporten.