- Vi må vere grundige i arbeidet med skipstunnelen

Fiskeriministeren avviser at ho set kjeppar i hjula for Stad skipstunnel. Kystverket har konkludert med at tunnelen ikkje bør byggast, fire år etter at dei sa det stikk motsette.

Video 5d5055a3-aee6-4299-835a-48f2cb55c19f.jpg

SJÅ TV-SAKA: Kystverket seier nei til skipstunnel.

Det var regjeringa som ba Kystverket lage ein ny rapport, som er den 17. i rekka sidan midten av 80-talet.

Unngår stormfullt hav

Tunnelen gjennom Stadhalvøya vil koste 1,6 millardar kroner og skal gjere at båtane unngår det stormfulle Stadhavet.

For fire år sidan sa Kystverket at tunnelen var samfunnsnyttig og burde byggast. Men utgreiinga vart liggande i tre år hjå fiskeriministeren, og i fjor bestemte departementet seg for at Kystverket måtte lage ein ny rapport.

I rapporten som kom i går, står det at skipstunnelen ikkje bør byggast mellom anna fordi varsling av ver og vind har blitt betre.

– Vi må vere grundige

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen

TEK TID: Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen innrømmer at saka har teke lang tid.

Foto: Lien, Kyrre / Scanpix

Lisbeth Berg-Hansen seier regjeringa vil ta stilling til tunnelen før eller seinare.

– Det har vi fått, er utgreiinga frå Kystverket. No skal rapporten sendast til ekstern kvalitetssikring, og det gjer vi for å sikre ein så god kvalitet som mogleg. Deretter vil regjeringa ta stilling til prosjektet. Dette er ein del av ein prosess, eg er glad for at vi er grundige.

Innrømmer at det tek tid

Mange har problem med å forstå korleis det er mogleg å handsame ei sak over så mange år. Fiskeriministeren meiner at det ikkje er grunnlag for å skulde regjeringa for det no,

– Det dette handlar om, er at den nye utgreiinga vi har fått skal gjennomgå ei kvalitetssikring. Men eg skal vere den første til å innrømme at dette har teke tid.

Tilfredstilte ikkje krava

Ho seier at tidlegare utgreiingar ikkje har tilfredsstilt alle krava som må stillast i forhold til den eksterne kvalitetssikringa.

– Difor har mykje av arbeidet måtte gjerast på nytt.

– Dei lovar og lyg

Den nye konklusjonen gjer at sjøfolk langs heile kysten meiner regjeringa held dei for narr. Svein Gunnar Frantsen frå Herøy er skipper ombord i kystnotbåten Vestbas og lossar sild på eit mottak rett sør for Stad.

– Eg er til dei grader skuffa. Det er mange politikarar som lovar og lyg. Dei har vel ikkje planar om å byggje den, men vil halde folket på gli.

– Er det farleg å gå rundt Stad?

– Ja, i dårleg ver er det farleg.

Rasande ordførar

Ordførar i Vanylven, Jan Helgøy, er rasande. Han viser til at hurtigruta Midnatsol holdt på å grunnstøyte i eit forferdeleg uver i desember 2003.

– Dette var den nyaste og flottaste flaggskipet til Hurtigruten og var ein hårsbreidd frå ein katastrofe. Her leiter dei med lys og lykter for igjen å trenere saka.

Fiskeriministeren veit ikkje kor lang tid den eksterne vurderinga vil ta. Ho kan difor ikkje seie noko om når ei avgjerd om tunnelen blir bygd eller ikkje.

Skisse over Stad skipstunnel.

GJENNOM FJELLET: Tunnelen er tenkt å gå frå Kjødepollen til Moldefjorden.