NRK Meny
Normal

- Må ta pasientrettane på alvor

Helse Vest ventar at Helse Førde ved alle avdelingane, også ortopediklinikken i Lærdal, prioriterar slik at rettane til pasientane vert ivaretekne. 

Det er innstillinga frå direktøren i Helse Vest til styremøtet komande torsdag, som også legg til at dette må bli klart kommunisert i helseføretaket.

Innstillinga kjem etter at Fylkeslegen har granska praksisen for prioritering av pasientar til orotpediklinikken ved Lærdal sjukehus.

Tilrådinga konkluderer med at pasientane sin rett til fritt val av sjukehus må sikrast.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast