Hopp til innhold

- Må revurdere Astrupsenter

Atle Reidar Sandnes (Ap) vil igjen be politikarane vurdere andre lokalitetar av Astrupsenteret i Jølster.

Astruptunet
Foto: NRK

Det skjer etter at det nye formannskapet brukte sitt aller første møte på å seie opp avtalen med Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Kommunen tek 1. januar over drifta av Astrupsenteret.

- Kan ikkje subsidiere

Besøkstal har av mange blitt framheva som argument for å flytte det planlagde senteret vekk frå Sanddalsstrand, til anten Ålhus, Kjøsnes eller Vassenden. Sandnes fekk sterk kritikk då han tidlegare i år bad formannskapet om å greie ut kvar senteret ville vere best tent med å ligge. No vil han gjere nytt framlegg. At Jølster kommunen no tek over drifta av Astruptunet, meiner han set større krav til at det framtidige Astrupsenteret blir godt besøkt.

- Det seier seg sjølv at det stiller høgare krav til at senteret må bere seg sjølv økonomisk. Kommunen har pressa økonomi, og vi har ikkje råd til å subsidiere drifta, seier han.

Fryktar katastrofe

Besøkstal og økonomien i senteret har vore eit heitt tema, men har til no blitt avfeie. Mellom anna av di Sogn og Fjordane Kunstmuseum til no har stått for drifta av tunet. Det er også sagt at senteret ikkje vil koste meir enn det kostar å drive tunet slik det er i dag. Dette av di senteret skal drivast med minimal bemanning utanom høgsesongen.

- Eg skjønar ikkje argumentet med at besøkstala ikkje er viktig. Vi er nøydde til å sjå på økonomien i det. Elles kan dette bli ei katastrofe for kommunen, seier Sandens.

- Ber på nytt om utgreiing

Til no har Jølster kommune fått inn om lag 20 millionar til senteret som er kostnadsrekna til om lag 40 millionar kroner. Med dagens byggeprisar kan prislappen fort krype godt over 50 millionar kroner. Kommunen har allereie fått erfare at det ikkje alltid er samsvar mellom kalkylar og reell kostnad. Opprusting og utbygging av Skei skule er til dømes blitt 1,9 millionar kroner dyrare enn venta.

- Eg vil på nytt be politikarane vurdere ei utgreiing, men eg vil vente til reguleringsplanen er ferdig på nyåret.

LES MEIR OM: Nikolai Astrup i fylkesleksikonet