Hopp til innhold

- Må rekne med mange bomturar i jakta på nordlys

Ein tørr og fin haust har gjort det mogleg å jakte nordlys også på Vestlandet. Runar Sandnes i Breim er ein av dei som brukar kveldar og netter på å jakte på det magiske lyset.

Den tørre, fine hausten har ført til fantastiske forhold for å jakte på nordlys også her på Vestlandet.
Men nordlyset er uforutsigbart, og du må vera ivrig viss du vil fange og forevige det.

– Det er vêret, altså romvêret det kjem an på, ikkje det vanlege vêret, fortel Runar Sandnes i det han pakkar fotoutstyr og gjer seg klar for nok ein kald kveld ute.

Han er ein ivrig fotograf, og spesielt glad i å fange nordlys og andre romfenomen på video og kamera. Når han legg utstyret på plass i bagen, pakkar bilen og gjer seg klar, så veit han aldri om han kjem til å lukkast.

– Det er veldig uføreseieleg, men alltid verdt å prøve. Nordlyset kan kome raskt og vere aktivt i 20–30 minutt, og så berre forsvinne. Det blir mange bomturar, seier Sandnes.

Lysforholda avgjerande for resultatet

Oktoberkvelden er mørk, klår og kald. Han står på toppen av Utvikfjellet, med utsyn over fjorden og fleire bygder og grender i Stryn. Over fjorden har eit tjukt kvitt skoddeteppe lagt seg, men over han skin stjernene om kapp med kvarandre på himmelen.

– Ein må kome seg vekk frå alt kunstig lys, vekk frå storbyen og gjerne ut på eit jorde, inn i skogen eller opp på fjellet, seier han i det dei første glimta av nordlys dansar over kveldshimmelen.

Kveldens jakt vart ingen bomtur, og rundt om i heile Sogn og Fjordane og resten av Vestlandet har det siste tida vore mogleg å sjå det flotte fargespelet på himmelen på kveldstid. Det overraskar ikkje Sandnes.

– Det er ikkje berre Nord-Norge som har førsteretten på nordlys!

Her kan du sjølv sjå nokre av Runar Sandnes sine blinkskot frå nordlysjakt på Utvikfjellet tidlegare i veka.