På møtet vart det mellom anna teke opp at innbyggjarane ikkje har fått vite kor mykje Helse Førde vil spare på nedlegginga av akuttberedskapen ved Sjukehuset.
Overlege Rune Muri seier dei har etterlyst opplysningar om dette utan at Helse Førde har gjeve noko godt svar.
Stortingsrepresentant Per Steinar Osmundnes seier det er alvorleg at helseføretaket ikkje informerer betre.