Hopp til innhold

- Må gjere noko med Førde-trafikken

Kvar ettermiddag i vekedagane står trafikken så godt som i ro i Førde sentrum. Folk på veg heim frå arbeid kan bruke 20 minutt på nokre få hundre meter.

Kvar ettermiddag står trafikken meir eller mindre i stampe i Førde sentrum. No meiner fleire at noko må gjerast med situasjonen.

Trafikk gjennom Førde

Særleg på fredagane, når det er helgetrafikk på E39, kan det tære på tålmodet til dei som må ta seg fram med bil gjennom Førde.

Tore Fossen arbeider på Øyrane. Han må inn på riksveg 5 for å kome seg over Jølstra til E39.

– Først må eg kome meg ut på vegen frå Øyrane, og det kan vere vanskeleg nok, for der står det nesten stille frå kvart på fire til kvart over fire. Det kan vere frustrerande, det er ikkje verst for meg, men eg tenkjer på dei som har ungar dei skal hente i barnehage og SFO.

Tore Fossen

- NOKO MÅ GJERAST SNART: Tore Fossen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Blir verre og verre

Samanlikna med rushtrafikken i dei store byane er ikkje den korte perioden kvar dag med trafikkork i Førde så mykje å snakke om.

Men samstundes er det å ta seg fram fort og uhindra ein av kvalitetane som kan lokke folk til å flytte frå Oslo og Bergen til Sogn og Fjordane. Å sitte i ro i ein bilkø er ikkje noko meir attraktivt i Førde enn i Oslo.

Tore Fossen har sjølv flytta heim frå Bergen til Førde for nokre år sidan, og han meiner problemet med trafikk i stampe ikkje må bagatelliserast.

– Samanlikna med storbyar er det ikkje noko stort problem, men det er heller ikkje eit problem vi skal skyve vekk. For det blir verre og verre, og det må vi ta konsekvensane av no, før det blir for ille.

– Dersom folk opplever at Førde blir ein plass der dei ikkje kjem seg fram går det ut over handel og næring, folk vil ikkje bu her. Det er utruleg viktig at noko blir gjort no.

No kan det seiast at mange av dei som sit i bilkø har så kort veg heim at dei burde ha gått eller sykla i staden. Tore Fossen er mellom dei, men han har eit arbeid som gjer at han ofte må bruke bil, og då må bilen vere med den korte, men likevel langvarige turen mellom arbeidsplassen og heimen.

Ordførar Olve Grotle i Førde

- TILTAK OM TO-TRE ÅR: Ordførar Olve Grotle.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Må vente to-tre år på betring

Ordføraren i Førde, Olve Grotle, er klar over problema, men han kan ikkje love at det betrar seg dei første to åra.

– Vi legg ikkje opp til at vi skal sette i gang med mellombelse løysingar. Vi ser det slik at dei tiltaka som vil avhjelpe situasjonen ganske mykje vil vi ha på plass innan to-tre år.

Grotle nemner tre tiltak: Ei ny bru mellom Førdehuset og Hafstad, veg over indre Øyrane, og ei ny bru som kan ta trafikken frå Askvoll over til Øyrane.

Men Tore Fossen, som og er kommunepolitikar, meiner det må gjerast noko fort.

– Vi ynskjer at Førde skal ver ein stad der folk etablerer seg med forretningar og industri. Noko må gjerast med veg- og trafikksituasjonen.

Arve Seger

LEIER PLANARBEIDET: Arve Seger.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Planarbeidet tek tid

Arve Seger er prosjektleiar i Førde kommune for Førdepakken og Sykkelbyen Førde. Han fortel at dei arbeider med planar om mange tiltak.

– Det handlar om å få til samanhengande sykkelvegar og å legge til rette for at folk kan sykle meir, iallfall i den flate delen av Førde. Og så har vi fleire konkrete vegtiltak.

Seger fortel at dei ser framover mot 2040, men at dei må finne løysingar på kortare sikt enn det.

– Vi må kome i gang ganske snart, men planarbeidet tek litt tid. No har bystyret avgjort at det skal vere bompengering rundt Førde, men det tek tid å få sendt søknad om bompengefinansiering.

Tiltak først i 2014

Men Seger meiner at ein ny veg frå Hafstad over til Angedalsvegen på andre sida av Jølstra vil avhjelpe mykje av dagens situasjon.

– Det er trinn 1 når det gjeld biltrafikk, og då har vi mykje på plass. Ein slik veg vil og løyse ut eit nytt gang- og sykkelsamband. Trinn 2 er veg frå Langebruvegen inn på indre Øyrane. Då blir det endå betre forhold i sentrum.

Men Seger seier Førde må leve med dagens situasjon ei stund til. Først i 2014 kan ein rekne med at dei første tiltaka blir sette i verk. Han vedgår at det har gått litt seint.

– Men det har handla mykje om økonomi, men no har iallfall bystyret gjort prinsippvedtak om bompengar, så då er vi i gang.