Hopp til innhold

- Må få vurdere fødestova i Lærdal

Ordførar i Fjaler, Arve Helle, meiner Helse Førde må få lov til å vurdere bindingane som regjeringa legg på Helse Førde.

Føretaket må kutte i tenestene sine for å halde seg innanfor råmene frå Helse Vest.

- Nokre av bindingane kunne blitt utfordra og sett om dei kunne bere nokon veg. Desse bindingane bind opp ein del pengar, sa Helle under dagens innringingsprogram om budsjettet til Helse Førde.

- For sterke bindingar

Helle tok sjølv temaet på bana, og administrerande direktør Jon Bolstad vedgjekk at fødestova i Lærdal var eit døme på freding frå regjeringa si side. Fjaler-ordføraren meiner Helse Førde er underlagt for sterke bindingar frå regjeringa.

- Eg trur det hadde vore verdt å sett litt på dei. Eg seier ikkje at sentralsjukehuset skal gå klar alt, men eg tykkjer det verkar for tilfeldig. Og prosessane er for dårlege når vi no har knappast ei veke frå det blir lagt fram, til det skal starte opp, sa han.

Mellom argumentasjonen er utviklinga som har skjedd innan kommunikasjonen i fylket.

Høyr heile debatten her