Hopp til innhold

- Må debattere private eigarar

Fylkesordføraren i Møre og Romsdal, Jon Aasen frå Arbeidarpartiet, meiner at Sogn og Fjordane bør ta opp debatten om private eigarar i Fjord1.

Lavik ferjekai
Foto: Stian Sjursen / NRK

Aasen meiner ein no må sjå alvoret i konkurransesituasjonen, og handle medan ein kan.

Semje i Møre og Romsdal

Aasen er oppteken av å styrke Fjord1-konsernet, uavhengig av om det er private eller offentlege aktørar. I Møre og Romsdal er det brei semje om at selskapet må få tilført eigenkapital, då er det mindre viktig kven som yter denne kapitalen.

Bremer vil ikkje ha debatten

Fylkesvaraordfører og fylkesleiar i Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane, Tor Bremer, er ikkje interessert i å ta opp denne diskusjonen igjen.

- Debatten må opp

Men Jon Aasen er klar på at debatten må opp, for Fjord1 har eit kapitalbehov som overstig det dei to fylkeskommunane kan handtere.