NRK Meny
Normal

- Må bli samd om Astrupsenter

Leiar i styringsgruppa for Astrupsenteret, Atle Hamar, er glad for at fylkesutvalet i dag utsette saka om besøkssenteret.

Atle Hamar

Atle Hamar, leiar i styringsguppa for Astrupsenteret, ber fylkeskommunen bli samd med seg sjølv.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Både fylkeskultursjef Ingebjørg Erikstad og fylkesrådmannen Jan Ølckers kom med motsegn i høve etablering av besøkssenteret ved heimen til kunstnaren Nikolai Astrup .

- Det er positivt at dei ikkje vedtok å gå til motsegn, slik tilrådinga var, seier Atle Hamar.

- Bli samd!

Erikstad meiner at den tre meter høge rasvollen vil gjere for store inngrep i kulturlandskapet. Dette er ein rasvoll som skal demme opp for rasfaren som fylkeskommunen tidlegare har poengert . Hamar tykkjer det er merkeleg at fylkeskommunen først no kjem med motsegnspørsmål og ber fylkeskommunen bli samd med seg sjølv.

- På den eine sida krev ein rasvoll, og på den andre sida meiner at ein rasvoll er skjemmande. Dette dualistiske synet må dei avklare kva dei meiner, seier han.

- Kjenner ikkje prisen

Jøran Aalhus er ein av fleire som ynskjer besøkssenteret vekk frå Sanddalsstrand. Han ynskjer at senteret som er kostnadsrekna til over 60 millionar kroner, skal leggast til Ålhus. Han har gjennomført ei undersøking i Jølster som sa nei til lokalisering av eit besøkssenter ved Astruptunet.

- Ein rasvoll i Astruptunet vil utgjere store inngrep i bratt og vanskeleg terreng. Det er ein viss risiko med å gjennomføre det. Eg trur ikkje nokon i dag anar kva vil koste, seier han.

Både Hamar og Aalhus deltok onsdag i ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast