Hopp til innhold

- Lutelandet treng linja

- Det er svært viktig for industriprosjektet på Lutelandet i Fjaler å få på plass kraftlinja som skal gå frå Fardal i Sogn til Ørskog på Sunnmøre, seier dagleg leiar i Lutelandet utvikling, Stein Arne Ottesen.

Kraftlinjer
Foto: Rainer Prang

- Det har i lang tid eksistert planar om storindustri i området, men då er kraftlinja heilt avgjerande. Dette er det einaste alternativet som er kjent i dag, og difor har vi vore opptekne av å få eit kryss på denne linja i Sunnfjord, og få ho så langt vest som råd for å få den så nær Lutelandet som mogeleg, seier Ottesen.

- Einaste linja som kan støtte oss

Protestane mot den store kraftlinja som er tenkt å gå frå Sogn til Sunnmøre har vore sterke. Linja skal hjelpe på den varsla kraftkrisa i Midt-Noreg. På Lutelandet er målet å bruke gass som energikjelde til å produsere mineral som blir brukt i aluminiumproduksjon. Men då må linja på plass, seier Ottesen.

 - Den einaste konkrete planen til kraftlinje som kan støtte prosjektet vi jobbar med er denne kraftlinja som no er skissert gjennnom fylket.

- Forstår protestane

Likevel har han forståing for at det fleire stader er sterke protestar mot kraftlinja.

- Eg har ikkje problem med å forstå at folk protesterer, og enkelete av alternativa kjem vel i vegen for næringsutvikling andre stader, men eg vil ikkje ha noka formeining om korkje traséval eller anna, eg  berre konstaterer at skal vi ha industriutvikling på kysten av Sogn og fjordane, må vi og ha tilknyting til stamnettet for straum, seier dagleg leiar for Lutelandet utvikling, Stein Arne Ottesen..