Hopp til innhold

- Lovbrot kvar dag på Strynefjellet

Leiar i Tenden Transport, Rolf Olav Tenden, støttar fullt ut brannsjefen i Stryn.

Tunnel på Strynefjellet

Lastebilane er for høge for tunnelane på Strynefjellet, og må ligge midt i vegbana. Med møtande trafikk oppstår det mange farlege situasjonar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Begge meiner tunnelane er for smale og for låge, og at dei utgjer ein fare for både brann- og trafikktryggleiken.

KVA MEINER DU?

- Det verste er ei møteulukke mellom buss og stor bil. Ein må hugse på kor lange tunnelane er og med tanke på evakuering og fare for brann. Det er ein kjemperisiko, seier Tenden.

Lovbrot kvar dag

Tunnelane over Strynefjellet er skilta som fire meter høge og har ikkje gul midtstripe. Det er ikkje i dag norsk riksvegstandard i dag. I følgje Tenden fører dette til lovbrot kvar dag. Vogntoga legg seg midt i vegen for å ikkje nå opp i taket. Når køyrety møtes i tunnelen blir det farlege situasjonar kvar einaste dag.

Video nsps_upload_2008_10_23_19_6_34_311.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Kvar einaste dag oppstår det farlege situasjonar i tunnelane på Strynefjellet.

- Moderne lastebilar er i dag 4,20 og mange av dei som passerer over Strynefjellet er difor 20 cm for høge. Både vi som brukarar og kontrollstyresmaktene veit at det skjer lovbrot kvar dag, seier han.

- Kjemperisiko

Brannsjef Jarle Dragesæt i Stryn fryktar alvorlege ulukker i tunnelane på riksveg 15 over Strynefjellet.

- Skulle det skje eit uhell, så greier ikkje vi å gjere noko, sa han tidlegare i dag. Det verste eksempelet er buss mot vogntog.

- Ein må hugse på kor lange tunnelane er med tanke på evakuering og fare for brann. Det er ein kjemperisiko, seier Tenden.

Strynefjellstunnelane

Den raudstipla linja indikerer tunnelen i dag.

Har ikkje midlar

17. oktober var det 30 år sidan Kong Olav V opna vegen over Strynefjellet. Den vart då kalla livsnerven for Nordfjord mot aust. I dag passerer det mellom 1.500 og 2.000 køyrety dagleg over fjellovergangen. Seksjonsleiar i vegvesenet, Arnfinn Båtevik, forstår frustrasjonen i Stryn.

- Men vi har ikkje midlar til å gjere noko som helst utanom vanleg vedlikehald. Vi har fått midlar til å planlegge utbetring. Neste steg blir å få det inn i plan- og planleggingsprogram og vidare til praktisk gjennomføring, seier han.