- Vi er bekymra. Dei tinga vi sit att med er stort sett små og enkle ting som vi kan klare oss på ei stund, men som ikkje fører til ei tilstrekkeleg god fagleg utvikling. Fagmiljøa våre blir ikkje sterkare i konkurransen med dei andre kontora - dei blir heller svakare, seier Wåge.
EØS-avtalen avgrensar
Problemet for Wåge og kollegaene hans er EØS-avtalen som krev at alle offentlege bygg skal ut på anbod. I Sogn og Fjordane har styresmaktene prøvd å vere flinkast i klassen til å halde EØS-avtalen.
- Det betyr at det høvet det offentlege har til å seie at det å ha lokal kompetanse har betydning for byggherre - det legg dei ikkje inn som eit vurderingskriterium, seier Wåge.
- Følgjer reglane
- Går ein ut med ein fri arkitektkonkurranse har ein visse spelereglar som ein må følgje, seier Torolf Norheim som er bygningsjef i fylkeskommunen.
Wåge på si side meiner på si side at det i alle fall ikkje skal stå på kompetansen:
- Vi er veldig flinke, og vi har høg kompetanse, men vi får ikkje dei utfordringane som vi fortener, seier Wåge.
Han nemner ei rekkje bygg her i fylket som han meiner lokale firma kunne fått. Det gjeld blant anna det nye bygget til sjukepleiehøgskulen i Førde, psykiatrisenteret i Sogn, og gymnasbygget i Måløy, som no er under planlegging:
- Der blei vi ikkje tekne med i konkurransen ein gong, fordi vi var for små, seier Wåge.
- Når det gjeld den konkrete saka i Måløy var det ein arkitektkonkurranse der ein inviterte arkitektfirma til å melde seg til prekvalifisering, det var meir enn 30 frå heile landet som meldte seg. Og då har vi etter konkurransereglane ikkje rett til å velje berre frå vårt eige fylke, parerer bygningssjef Norheim.
Ønskjer lokal kompetanse
- Så du kjenner deg ikkje att i kritikken?
- Når ein skal ut med større prosjekt, då er det ofte konkurranse, og då må dei konkurrere mot andre. Men me ønskjer helst at me skal skal få bruke firma i fylket, og prøver å bruke prosessar på ein slik måte at vi kan få nytte ein nær kompetanse.