NRK Meny
Normal

- Lite triveleg måte å slutte på

Wenche Lie Lysne likar lite måten ho måtte slutte på som assisterande klinikkdirektør i Helse Førde.

Wenche Lie Lysne
Foto: Cosmin Cosma, NRK

Det er ei kvinne det har storma rundt NRK møter heime i Lærdal i dag. Fredag måtte ho på dagen gå frå stillinga som assisterande klinikkdirektør i Helse Førde.

Dette skjedde omlag tre veker etter at ein intern e-post Helse Førde-direktør Jon Bolstad kom ut i media. I den oppmoda Bolstad ortopediklinikken i Lærdal om å priotere pasientar utanfor fylket, fordi det er meir pengar å tene på dei. E-posten skapte sterke reaksjonar og fylkeslegen granskar no om oppmodinga er brot på pasientlova.

- Vart pressa

Sogn Avis skriv i dag at dei har grunn til å tru at Wenche Lie Lysne vart pressa frå stillinga på grunn av måten ho handterte instruksen frå Bolstad på. Leiinga i Helse Førde avviser på si side at avgangen har noko med e-posten å gjere.

Sjølv vil ikkje den tidlegare direktøren kommentere svaret frå leiinga i helseføretaket.

- Eg observerer at dei seier det, men eg har ingen kommentar, seier Lie Lysne til NRK Sogn og Fjordane.

- Så du vil verken stadfeste eller tilbakevise at grunnen til at du sit utan jobb i dag har med denne e-posten å gjere?

- Ingen kommentar, er alt Lie Lysne vil seie.

Mange blomar

Overalt heime hos den tidlegare assisterande klinikkdirektøren er det blomar som ho har fått dei siste dagane.

- Det er veldig hyggjeleg. Det seg eg stor pris på. Eg har fått mange blomar og telefonar, fortel Lie Lysne.

Men mesteparten av blomane er ikkje frå hennar tidlegare sjefar, men frå tidlegare underordna.

- Det er først og fremst kollegaer frå sjukehuset i Lærdal, men også andre utanfor.

Ufrivillig fritid

For blant dei tilsette ved sjukehuset i Lærdal var Wenche Lie Lysne godt likt ved. Dei reagerte difor med vantru då dei høyrde at ho i løpet av eitt døgn måtte pakke sakene og gå. No har ho meir fritid enn ho ønskjer.

- Det kan vere ein draumesituasjon å få så mykje fritid, men ikkje når eg har fått det på denne måten som eg har gjort.

- Så du vil ikkje ha denne fritida?

- Ikkje på denne måten her, svarar Lie Lysne.

Ser etter ny jobb

For statsvitaren og sjukepleiaren blir det no eit spørsmål å riste av seg sjokket og kome seg vidare.

- No må eg fokusere på vegen vidare. Men det tek litt tid å fordøye det som har skjedd.

Men Lie Lysne ser ikkje føre seg at ho vil søkje jobb i Helse Førde.

- Nei, det blir vel for så vidt ikkje førstevalet, avsluttar Wenche Lie Lysne.