Henning Jakhelln. Foto: Scanpix.
Den svært erfarne eksperten på arbeidsrett reagerer på at fleire tilsette i Helse Førde seier dei er redde for å miste jobben dersom dei uttalar seg til media. Henning Jakhelln meiner tilsette har rett til å uttale seg.
- Det må vere mogeleg for tilsette også i eit helseføretak å ha meiningar om korleis føretaket skal styrast, og slik delta i diskusjonen rundt det, meiner professor Henning Jakhelln.
- Lite klokt
Jakhelln peikar også på at ei anna side av måten Helse Førde driv informasjonsarbeid på.
- Dette er svært lite klok personalpolitikk. Personalpolitikken bør vere basert på at det skal skje ein open diskusjon, eventuelt i det offentlege rom.
- Har rett til å vite
Ifølgje Jakhelln er dette eit generelt problem i helseføretaka.
- Det som er spesielt for helseføretaka er at dei disponerer store offentlege midlar. Dei er dessutan til for nettopp ta vare på allmenheita sine interesser. Dette er openbert ikkje ei intern sak, men dette er noko som også interesserer publikum, seier Jakhelln.
- Personalsak
Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, meiner helseføretaket har gode retningsliner for informasjon. Han peikar på at ein må skilje mellom den generelle samfunnsdebatten og personalsaker der arbeidsgjevaren må følgje spelereglar.
- I personalsaker er det ingen som vinn på at det skal vere ein offentleg debatt om ting vi eigentleg ikkje kan eller skal seie noko om, seier Bolstad.