Hopp til innhold

- Lite framtidsretta med anestesi

– Med tanke på utfordringane som følgjer med den nye samhandlingsreforma, er det lite framtidsretta å oppretthalde anestesitilbodet på små lokalsjukehus.

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.

IKKJE OVERRASKA: Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, seier at helsetilbodet er politisk styrt, difor er han ikkje overraska over vedtaket til regjeringa.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Det seier Helse Førde-direktør Jon Bolstad etter at regjeringa har slått fast at Nordfjord sjukehus også i framtida skal ha anestesiberedskap.

– Eg trur dette kan vere ein bremsekloss i forhold til naudsynt utvikling for å endre helsetenestene. Fokuset på øyeblikkeleg hjelp er ei avsporing av det som er det viktige for befolkninga i Sogn og Fjordane, nemleg å ivareta eldre, kronikarar og andre som treng nærleik til sjukehuset, seier han.

Anestesilege på vakt

Seint måndag kveld bestemte regjeringspartia seg for kva tilbod som skal vere ved lokalsjukehus med tilpassa akuttfunksjonar.

For Nordfjord sjukehus betyr det at sjukehuset får behalde anestesitenestene. Det vil seie at sjukehuset skal ha ein anestesilege på vakt, som kan gje pasientar narkose.

Nordfjord Sjukehus

BEHELD ANESTESILEGE: Det blir framleis mogleg å få narkose ved Nordfjord sjukehus.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Tidlegare i år gjekk Helse Førde inn for å leggje ned føde- og ortopeditilbod ved lokalsjukehusa. Til slutt gjekk regjeringa inn for å redusere fødetilbodet i Lærdal, medan fødeavdelinga på Nordfjordeid skal omgjerast til fødestove.

Det har føregått lange drøftingar mellom dei tre regjeringspartia om kva tilbod som skal vere ved lokalsjukehus med tilpassa akuttfunksjonar. Det skapte sterke reaksjonar at regjeringa og Helse Førde tidlegare i år opna for å fjerne anestesien ved sjukehuset på Nordfjordeid.

Ikkje overraska

Bolstad seier at helsetilbodet er politisk styrt, difor er han ikkje overraska over vedtaket til regjeringa.

– For oss som skal planlegge helsetenestene, er alle avklaringar nyttige i forhold til å komme vidare i prosessane.

– Kva tenkjer du om at prosessen i Helse Førde blir politisk overstyrt?

– Eg ser ikkje slik på det. Dette er ein del av nasjonal helseplan og det er klart at helsepolitikken er politisk styrt. Sånt sett er ikkje det overraskande at ein kjem fram til kompromiss.

Kostar rundt 100 millionar ekstra

Helse Førde-direktør Jon Bolstad reknar med at regjeringa sine mange påplussingar i innhaldet til lokalsjukehusa vil koste 100 millionar kroner.

– Når vi skal ha døgntilbod ved alle sjukehusa, er det mange følgjekostnader ved det, seier han.

Han avviser at vedtaket i regjeringa i går betyr at Helse Førde ikkje hadde planlagt forsvarlege helsetenester ved Nordfjord sjukehus.

– Det er eg heilt ueinig i. Det har ikkje noko med det å gjere. Vi har lagt vekt på at vi skal ha eit prosjekt der vi skal skape noko nytt.

Ønskjer ikkje vikarordningar

Vedtaket blir truleg vedteke i Stortinget neste tysdag. For Helse Førde betyr det at altså dei må ha anestesilege i beredskap ved sjukehuset.

– Det kostar nokre kroner ekstra og problemet vil vere at dette ikkje fremmar robuste fagmiljø. Dette er fagpersonar det er mangelvare på, og då må vi skaffe dei på eit eller anna vis. Vi ønskjer ikkje å basere oss på ei vikarordning.