Eg er ikkje ein person som kan ha gjort noko slikt. Eg er ikkje ein aggressiv person, sa Standnes.
- Har du tvinga deg til seksuell omgang nokon gong? - Nei, svara Standnes.
- Kva meiner du då om at du har tiltalt for valdteksforsøk? spurde forsvarar Ivar Blikra.
- Det er heilt på viddene, når eg er full er eg ikkje i stand til å gjere noko slikt. Det veit eg med meg sjølv, sa Standnes. Det same svarar han på spørsmål frå Blikra om kva han meiner om at han er tiltalt for drapet.
- Fine samtalar med prest
- Eg har ikkje hatt det godt med meg sjølv, for eg veit eg er uskuldig. Eg har site sju månader i fengsel i Ålesund. Det einaste gode eg har opplevd er fine samtalar med presten. Det har vore godt, sa den tiltalte.
- Eg reagerer også på at eg i ei viss avis vart framstilt med steinansikt i tingretten. Presten spurte meg om det, og eg svarte at det var fordi eg hadde denne saka framfor meg. Eg er uskuldig, og når ein blir skulda for noko slikt, så blir ein småsint inni seg.
Oppgitt over uanalyserte spor
Standnes er oppgitt ove rat ikkje alle hår har blitt analysert: - Det er heilt på viddene. Riktig nok er det to avtrykk som knyter meg til staden, men det er gale at ikkje dei andre spora vert analyserte.
- Fantomteikninga liknar ikkje
- Fantomteikninga som vart laga i Slåtten-saka liknar ikkje på meg i det heile tatt, sa Standnes. - På den tida hadde eg ganske tjukt og krølla hår. Det ser vi av bileta frå Shellstasjonen, sa Standnes.
- Ikkje grunn til å nekte DNA
Forsvarar Ivar Blikra spurde Standnes ut om det første avhøyret, då han gav DNA-prøve. - Eg fekk beskjed om at eg kunne nekte å gje DNA-prøve dersom eg ønskte det, seier Standnes. Men han såg ingen grunn til å nekte å gje DNA-prøve.
Tuborg på tilbod
Blikra spurde også om Standnes greier å skilje ut kva helg det faktisk dreier seg om. På det svara han at det kan han ikkje. - Kan du seie noko sikkert om kva du drakk denne kvelden? - Det var ganske mykje, to-tre sekspakningar med pils, pluss kanskje ein del Tuborg, som var på tilbod på denne tida, svara Standnes.
- Drikk så lenge det er noko å drikke
- Vi tek alltid med oss drikke på veg i drosje til Førde. Vi let det ikkje stå igjen drikke på vorspiel, vi drikk alt, forklarer Standnes om alkoholforbruket sitt i helgene.
- Vi drikk så lenge det er alkohol, svarer han på spørsmål om det er noko tidspunkt han stoppar på. - Eg prøver å drikke meg ned på søndagen, for å kome i form på måndagen. Men av og til går det ut over jobben også, sa den tiltalte.
- For eit par år sidan fekk eg beskjed om å slutte å drikke på søndagane, fordi eg skulka så ofte måndagane. Det har eg prøvd på sidan, seier Standnes.
Utelukkar ikkje hasjbruk
Om hukommelsen: - Som regel greier eg ikkje å hugse noko frå helgene når vi har drukke mykje, seier Standnes. Han seier også at han ikkje kan utelukke å ha brukt hasj den helga Slåtten vart drepen. Han brukar hasj dersom det er nokon som har det, og som byr han. På direkte spørsmål sa Standnes at han ikkje kan hugse å ha brukt narkotika i det heile i fjor, men han kan heller ikkje utelukke det. Ofte har han fått vite i etterkant at det har vore brukt hasj.
Venepar i Angedalen
Standnes vart spurt om veneparet i Angedalen han stundom har overnatta hos. No verkar det som han er meir offensiv. Årsaka er at politiet ønskjer å sannsynleggjere at han kan ha vore på veg opp til venene i Angedalen. Han seier det er lenge sidan han har vore hos dei, og at han berre har kome ein gong utan å ha avtalt. Då vart han avvist.
- Hender det at du har gått dit, spør Blikra.
- Nei. Det er altfor langt, svarer Standnes kontant.
Pornobeslaga er igjen eit tema. Blikra viser til bilete av huset hans som politiet har teke. - Låg det pornobilete på golvet slik bileta viser? Nei ikkje då eg gjekk.