Hopp til innhold

- Lensmannen må koplast inn

- Dersom Vågsøy kommune framleis nektar å gje ut offentlege dokument, må lensmannen koplast inn, seier fylkesmannen.

Arvid Mellingen

Juridisk sjef hos fylkesmannen, Arvid Mellingen.

Foto: Arne Eithun / NRK

Geir Oldeide og partiet Raudt har i sidan april prøvd å få innsyn i offentlege dokument etter Tall Ships Races, utan å lukkast. Løysinga er lensmannen, seier juridisk sjef hos fylkesmannen, Arvid Mellingen.

- Då må du ha lensmannen med deg for å få gjennomført det du har fått rett til, seier han.

Brot på lovverket

Seglskutefestivalen Tall Ships Races vart eit formidabelt arrangement, men det kosta. I ettertid viser rekneskapen heile 16 millionar kroner i underskot . Noko som har ført kommunen inn i ei økonomisk hengemyr. Oldeide har mellom anna bede om innsyn i brev som fortel om svært store alkoholutgifter. Mellingen seier det er eit klart brot på lovverket å halde attende offentlege dokument.

- Det er eit klart brot på offentlegheitslova, og eit grunnleggande brot på demokratiske innsynsrettar, seier han.

- Svært pinleg

Geir Oldeide (Raudt)

Geir Oldeide (Raudt) får ikkje innsyn i offentlege dokument etter Tall Ships Races-arrangementet.

Foto: Vegar Erstad / NRK

- Det vil vere svært pinleg dersom Oldeide kjem med lensmannen og brukar tvangsmakt for å få innsyn i offentlege dokument, legg Mellingen til. Og Oldeide har ikkje tenkt å gje etter i saka.

- Vi skal og må ha desse dokumenta som eg har bede om. Å prøve å halde dette tilbake går vi kort og godt ikkje med på, seier han.

Vonar på semje

Rådmann i Vågsøy, Ørjan Raknes Forthun, orsakar dersom Oldeide ikkje har fått ut dei dokument han har krav på. Han ynskjer å kome til semje med raudtpolitikaren så snart som råd.

- Eg vonar at vi kan bli så pass samde at han slepp å ta med seg lensmannen, seier han.