NRK Meny
Normal

- Leikanger er katastrofeområde

– Leikanger er som eit samanhengande katastrofeområde. Dette seier Knut Henning Grepstad.

Knut Henning Grepstad.
Foto: Jostein Nyfløtt / NRK

– Den nye moloen er knust, fleire private kaiar er øydelagde, murar er knuste og Esso-stasjonen har store skadar.

Dette er berre nokre av dei omfattande skadane på Leikanger. Knut Henning Grepstad, som sjølv bur på Leikanger, er nærast sjokkert over øydeleggingane.

– Det er eit nesten samanhengande katastrofeområde. Nokon har brukt uttrykket vår lokale tsunami. Ute på kaia på Leikanger er det slått hol, øydeleggingane er store, murar er vekke og store kontaniarar er flytta opp til 50 meter, fortel Grepstad.

Ei av bryggjene på Leikanger har fått omfattande skader

Fleire av bryggene på Leikanger har fått omfattande skader.

Foto: Knut Henning Grepstad

15 kaiar øydelagde

Innover stranda skal opp mot 15 private kaiar meir eller mindre vere vekke.

– Den store kaia ved ungdomsskulen er fullstendig øydelagt, kunstdekket på fotballbana er flerra av, fortel Grepstad og legg til:

– Det er store skader i murane på NAV-bygget på Hermansverk, rutene i første etasje i det gamle bankbygget er slått inn og det er store skadar på Esso-stasjonen, fortel Grepstad.

Store øydeleggingar i Leikanger

Det er store øydeleggingar på Leikanger. Mellom anna skal 15 private brygger vere knuste.

Foto: Knut Henning Grepstad

Nybygd molo knust

Den mest omfattande skaden skal vere på båthamna.

– Der her heile flytebryggeanlegget har lausna og den nybygde moloen er fullstendig øydelagt. Leikanger er eit katastrofeområde, seier Grepstad.

Det er teke mange bilete på Leikanger, men fordi bygda både er straumlaus og utan mobildekning har det ikkje lukkast NRK å få ta i bilda.

Ber folk koke drikkevatnet

Rådmann i Leikanger, Odd Arne Rakstad ber folk om å koke drikkevatnet.

– Fram til straumen er tilbake får vi ikkje reinsa drikkevatnet. Difor ber vi om at folk kokar drikkevatnet, seier Rakstad.

Store øydelaggingar på Leikanger

'Dagmar' har ført til store skader på Leikanger.

Foto: Knut Henning Grepstad
Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast