Eva Marie Halvorsen har meinte det lenge, men det er først i dag at ho tar bladet frå munnen. I 10 år har ein prøvd å få opp rekrutteringa ved ingeniørstudiet utan å lukkast. Då er det på tide å kalle ein spade for ein spade, seier ho. No må ein ta nokre val, og velje kva som skal vere hovudtilboda på høgskulen, meiner Halvorsen.
- Feige
Førde-dekanen tar også eit oppgjer med høgskulestyret som ho meiner er feige. Ho grunngjev det med at det er mange små studieretningar ved høgskulen som rekrutterer dårleg, men som styret opprettheld. Det einaste dei oppnår med dette er å øydelegge dei store og viktige utdanningstilboda, seier ho.
Johs Thaule
Forstår kritikken
Rektor og styreleiar Johs Thaule opplever kritikken frå dekanen i Førde som grei nok fordi han forstår bakgrunnen for synspunktet. - Men sjølv om det er eit relevant argument, har styret etter ei samla vurdering ein annan meining om kva studium høgskulen skal fortsette med, seier Thaule.