NRK Meny
Normal

- Legg ned helseføretaka

- Helseføretaka må avviklast snarast, før dei gjer meir skade på det norske sjukehusvesenet.

Det er den klare anbefalinga i ei alternativ evaluering av sjukehusreforma.

- I februar vart det lagt fram ei offentleg evaluering bestilt av statsråd Sylvia Brustad; men Folkebevegelsen for lokalsjukehusa meinte den ikkje skapte naudsynt debatt og har bestilt sin eigen, seier Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus.

Viktig å ta kampen

Bente Øien Hauge

Bente Øien Hauge

Foto: Privat

- Det viktigaste med rapporten er at ting vert sett inn i ein samanheng. Det er ein del analyser og resonnement som viser at marknadstenking og fristilling frå demokratisk styring får konsekvensar. Det er sant at ventelistene er gått ned, men ikkje for dei alvorlegast sjuke pasientane, seier ho.

- Det er viktig å ta kampen no. Om to år er det stortingsval, og det er veldig viktig å få ein prinsipiell debatt mens det framleis er mogleg å gjere nokre drastiske grep, seier Øien Hauge.

 

 

Vegopning på Bergum i Førde kommune